Hvis du svarer ja, bruker vi informasjonskapsler og lignende teknologi til statistikk, analyse, spørreundersøkelser og brukertester. Målet er å forstå hvordan du og andre bruker nav.no, slik at vi kan forbedre nettsidene og tjenestene våre.
Du kan når som helst endre samtykket ditt via lenken i bunnmenyen.
Tala omfattar alle mellom 20 og 66 år som verken har arbeid eller er sjølvstendig næringsdrivande, tek høgare utdanning eller har gått av med pensjon.
– Arbeidsgivarar må senke krava
Fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland seier det sjølvsagt ikkje er bra at talet på personar i utanforskap stig.
– Noko av stigninga kan forklarast med fleire flyktningar frå Ukraina. Arbeidsløysa har også auka noko etter ein periode med ein veldig god arbeidsmarknad, som i seg sjølv tilseier eit høgare utanforskap, seier Hysing-Olsen.
Det er berre eit fylke i landet (Akershus 18,1 prosent) som har lågare utanforskap enn Vestland. Samstundes er Sogndal den kommunen i landet med lågast utanforskap, med 14 prosent.
Fylkesdirektøren seier den gode arbeidsmarknaden legg til rette for at arbeidsgivarar kan inkludere fleire av dei som ønskjer å jobbe.
– For å bevare velferdssamfunnet vårt er vi avhengig av at alle som kan og vil jobbe, får mogelegheita til det. Utanforskapet må sjåast på som ein arbeidskraftreserve og ressurs. Då må arbeidsgivarar senke krava, eller vere meir fleksible, seier Hysing-Olsen.
Store variasjonar mellom kommunane
I august var det utlyst over 3 406 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg (810), butikk- og salsarbeid (379) og bygg- og anlegg (339).
12 av dei 43 kommunane i Vestland har under ein prosent arbeidsledige. Høgast er arbeidsløysa i Hyllestad (3,5 prosent), Modalen (3,4 prosent) og Ulvik (2,7 prosent).
Under relatert innhald til høgre finn du tal for alle kommunane i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96