I april er 5 967 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken, godt under landsgjennomsnittet på 2,1 prosent.
Nav jobbar med å bytte ut gamle IT-system og fase inn nye. Dette har resultert i ulike brot i arbeidsløysestatistikken det siste året. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.
Av 7 020 utlyste stillingar i april er det flest innan helse, pleie og omsorg (1 534) og bygg og anlegg (896). Det er fleire år sidan det har vore like mange ledige stillingar innan bygg og anlegg. Samstundes er det 579 arbeidssøkarar innan same bransje.
Spent på bygg og anlegg
– Bygg og anlegg er ein interessant bransje. Det er mange ledige stillingar. Sjølv om det óg er nesten 600 innan bransjen som er registrerte som arbeidssøkarar, er det behov for mange fleire folk enn det det er tilgang på, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Han peikar på at når bransjen treng fleire folk i ein periode med låg aktivitet, kan det tyde på at dei vil slite endå meir med å skaffe kvalifisert arbeidskraft når aktiviteten tek seg opp att.
– Vi er spente på korleis bransjen sjølv vurderer utsiktene. Svaret på det får vi neste månad, når vi får resultata frå vår eiga bedriftsundersøking, der bedriftene har rapportert inn sine forventningar til 2026, seier Hysing-Olsen.
Ikkje for seint med sommarjobb
Av dei over 7 000 ledige stillingane i Vestland er 640 sommarjobbar.
– Det er enno ikkje for seint å skaffe seg sommarjobb, så det er berre å hive seg rundt, seier Hysing-Olsen.
Gjennom kampanjen «Sommarjobb i vest» ønsker Nav, NHO,LO og Vestland fylkeskommune å få endå fleire bedrifter og kommunar til å tilsette unge denne sommaren. På arbeidsplassen.no finst eit eige filter for sommarjobbar.
Kinn kommune har høgast arbeidsløyse i Vestland med 3,1 prosent heilt ledige. Deretter følgjer Modalen og Aurland med 2,6 prosent. Åtte kommunar i Vestland har under 1 prosent heilt ledige.
Under relatert innhald til høgre finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, april 2026
Heilt ledige, Vestland | 5 967 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 119 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 888 |
Ledige under 30 år | 1 435 |
Permitterte, heilt eller delvis | 801 |
Ledige stillingar | 7 020 |