Pressemelding

Opptur for bygg og anlegg i Vestland

Arbeidsløysa i Vestland ligg godt under snittet for landet, viser tal frå Nav. Bygge- og anleggsbransjen er på full fart oppover etter fleire år med låg aktivitet.

I august var 6 122 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken, medan landsgjennomsnittet var 2,2 prosent.

– Mange bransjar har store utfordringar med å finne nok folk til arbeidsoppgåvene. Eit eksempel er bygg og anlegg der antalet arbeidsledige går ned og talet på ledige stillingar har auka kraftig, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

I Vestland blei det lyst ut 490 stillingar i bygge- og anleggsbransjen i august, ein auke på 45 prosent frå 2024. På landsbasis var auken i same periode 5 prosent.

Samarbeider om å utdanne fagfolk

– Bransjen har vore gjennom krevjande tider her i vest òg, men entreprenørane har vore flinke til å omstille seg. Store anleggsprosjekt og industriutvikling har bidrege positivt i ei tid med nedgang i bustadbygging og nye næringsbygg. Samstundes har vedlikehald og rehabilitering av bygg hatt god aktivitet. I 2025 og åra framover ser vi vekst på fleire område og vil trenge mange nye hender og hovud, seier Vegard B. Vike i EBA Vestenfjelske.

EBA er den største bransjeforeininga for entreprenørar. I Vestland samarbeider EBA Vestenfjelske og opplæringskontoret Byggopp tett med fylkeskommunen og Nav om å utdanne og rekruttere framtidige fagarbeidarar.

– Den nye opplæringslova opnar for at fleire kan ta fagbrev på arbeidsplassen med individuelle opplegg. Med minkande ungdomskull og komande eldrebølgje er vi nøydde til å få med fleire av dei som står utanfor arbeidslivet, seier Vike.

– Det er gledeleg at bransjen tek ansvaret på alvor. Samarbeid om opplæring er høgt prioritert hos oss i Nav. Det er nøkkelen til å kvalifisere fleire kandidatar til dei ledige jobbane, seier Hysing-Olsen.

Industri og ingeniørfag manglar folk

Talet på ledige stillingar aukar også i andre sektorar, til dømes i industrien og ingeniør- og IKT-fag. Heilt på topp ligg helse- og omsorgssektoren med 827 utlyste stillingar i Vestland den siste månaden.

Arbeidsløysa er høgast i kommunane Modalen med 4,6 prosent og Gloppen med 3,2 prosent. Lågast ledigheit i fylket har Stord og Vik, begge med 0,8 prosent heilt ledige.

Under «Relatert innhald» til høgre finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland, samt pressefoto til fri bruk i samband med denne saken.

Arbeidsmarknaden i Vestland, august 2025

Heilt ledige, Vestland

6 122

1,8 % av arbeidsstyrken

Heilt ledige, Bergen

3 253

2,0 % av arbeidsstyrken

Langtidsledige, meir enn seks månader2 942
Ledige under 30 år1 582
Permitterte, heilt eller delvis360
Ledige stillingar4 047

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09

 

Foto:

  • Fylkesdirektør i Nav Bjarte Hysing-Olsen (t.v.) og administrerande direktør i EBA Vestenfjelske Vegard B. Vike på Den Nationale Scene, eit av mange bygg i Vestland som er under rehabilitering. (Foto: Nav)
  • Anleggsleiar Ørjan Andersen (f.v.) frå Skanska fortel Vegard B. Vike frå EBA Vestenfjelske og Bjarte Hysing-Olsen frå Nav om byggearbeidet på Den Nationale Scene. (Foto: Nav)