I januar var 6 760 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Prognosen frå Nav Vestland tyder på små endringar i arbeidsmarknaden i 2025.
Arbeidsløysa i Vestland ligg på same nivå som i januar 2024, og under landsgjennomsnittet på 2,3 prosent heilt ledige. I 2024 enda arbeidsløysa i Vestland på 1,8 prosent i snitt. Det blei lyst ut fleire ledige stillingar enn året før.
– Vi reknar med ein svak auke i arbeidsløysa gjennom året. Norsk økonomi viser teikn til betring, men det tek tid før investeringsnivået går opp slik at det merkast i sårbare bransjar som bygg og anlegg. Prognosen vår tyder på stor etterspurnad etter arbeidskraft også i 2025. For å avhjelpe dette har vi starta eit arbeidskraftløft i samarbeid med NHO, seier assisterande fylkesdirektør Aida Cisic-Dizdar i Nav Vestland.
Ti tiltak for fleire i arbeid
Det landsdekkande prosjektet Arbeidskraftløftet skal få fleire i jobb med utgangspunkt i kva kompetanse bedriftene treng. Nav og NHO har samla innspel frå arbeidsgivarar i ei rekkje bransjar. Resultatet er ti tiltak for kvart fylke som mellom anna skal hjelpe fleire inn i arbeidslivet, motivere seniorar til å jobbe lenger og redusere sjukefråvær.
Av dei registrerte arbeidssøkarane i Vestland har 14 prosent bakgrunn frå Ukraina.
– Inkludering tek tid, og andelen i arbeid aukar jo lenger dei har budd her. Det finst mykje verdifull arbeidskraft i denne gruppa, og eg vil oppmode fleire arbeidsgivarar til å samarbeide med oss i Nav om å gi kandidatar med flyktningbakgrunn ein sjanse, seier Cisic-Dizdar.
Over 7000 ledige jobbar
I januar var det utlyst 7 424 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige jobbar innan helse, pleie og omsorg (2 028), industrien (858) og reiseliv og transport (684).
Høgast ledigheit i fylket har Modalen med 5,6 prosent, Hyllestad med 5,1 prosent og Ulvik med 4,5 prosent. Lågast ledigheit har nabokommunane Stord og Fitjar med 0,8 og 0,9 prosent heilt ledige.
Arbeidsmarknaden i Vestland, januar
Januar 2025 | Januar 2024 | |
Heilt ledige, Vestland | 6 760 personar 2,0 % av arbeidsstyrken | 6 630 personar 1,9 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 591 personar 2,3 % av arbeidsstyrken | 3 614 personar 2,3 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 675 | 2 375 |
Ledige under 30 år | 1 795 | 1 932 |
Permitterte, heilt eller delvis | 883 | 1 182 |
Ledige stillingar | 7 424 | 7 489 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Aida Cisic-Dizdar, assisterande fylkesdirektør i Nav Vestland, 98 45 15 66
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 08