I oktober var 5 833 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.
Vestland fylke ligg godt under gjennomsnittet for landet, som var 2,0 prosent heilt arbeidsledige i oktober. Utviklinga så langt i år har vore betre enn venta.
– Ifølge prognosane våre i starten av året venta vi ein svak auke i arbeidsløysa i Vestland i løpet av året, men så langt har ikkje det slått til. Det er jo bra, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
– Samstundes betyr låg arbeidsløyse at det kan vere utfordrande å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Mange bransjar manglar folk, særskilt innan helse og bygg og anlegg, legg han til.
Går saman for inkludering
I oktober blei det utlyst 3 800 ledige stillingar i Vestland. Helse- og omsorgssektoren toppar lista også denne månaden med 878 utlyste stillingar. Handelsnæringa har også mange ledige jobbar med 447 stillingar innan butikk og sal i oktober.
– Det er høg etterspurnad av arbeidskraft, og vi treng å samle kreftene og finne løysingar som varar for å dekke dette behovet. Saman med Vestland fylkeskommune, NHO, LO og KS går vi no saman for å få fleire i jobb, gjennom samarbeidsprosjektet «Inkludering i Vest», seier Hysing-Olsen.
Høgare arbeidsløyse blant innvandrarar
Det overordna målet med prosjektet er å auke sysselsetjinga blant grupper som ikkje deltek i arbeidslivet. I følgje Navs tal frå oktober utgjer innvandrar halvparten av dei ledige. 4,6 prosent innvandrarar var registrerte som arbeidssøkarar i oktober, mot 1,1 prosent norskfødde.
– Spesielt innanfor området flyktningar og innvandrarar ser vi at kommunane jobbar svært ulikt – her ligg det mykje skjult kompetanse som eg håpar vi klarar å få betre fram gjennom «Inkludering i Vest», seier Hysing-Olsen.
Ukrainarar utgjer den største gruppa med innvandrar som er registrerte som arbeidssøkarar.
– I tillegg er det nok ein del flyktningar som ikkje er registrerte, til dømes dei som er registrert i introduksjonsprogrammet, seier Hysing-Olsen.
Arbeidsløysa var høgast i kommunane Modalen med 4,0 prosent, Hyllestad (3,4 prosent) og Gloppen (3,1 prosent). Lågast ledigheit i fylket hadde Stord og Gulen med 0,7 prosent heilt ledige.
Under «Relatert innhald» til høgre finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, oktober 2025
Heilt ledige, Vestland | 5 833 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 060 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 635 |
Ledige under 30 år | 1 517 |
Permitterte, heilt eller delvis | 488 |
Ledige stillingar | 3 800 |