Ved utgangen av oktober var 5 475 personar registrerte som heilt ledige, ein nedgang frå same tid i fjor. Det utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken.
På landsbasis utgjer dei heilt ledige 2,0 prosent av arbeidsstyrken.
Samstundes som arbeidsløysa er låg, er det mange ledige jobbar i fylket. I Vestland er det registrert 4 095 ledige stillingar i oktober. Helse, pleie og omsorg hadde flest utlyste stillingar med 1 025, følgt av butikk- og salsarbeid med 403 ledige stillingar, og av serviceyrke med 371 stillingar.
Julejobb-filter på arbeidsplassen.no
Mange av stillingane er sesongjobbar. På arbeidsplassen.no er det no kome eit eige filter for dei som søkjer etter julejobbar.
Fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland oppmodar spesielt dei unge til å gripe sjansen til å få seg arbeidserfaring i jula.
– For mange er ein sesongjobb starten på arbeidskarrieren. Gjer du ein god jobb, er det stor sjanse for at arbeidsplassen ønskjer å behalde deg, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Han legg til at mange julejobbar ikkje blir lyst ut.
– Eg vil oppmode arbeidsgivarar til å lyse ut dei ledige stillingane på arbeidsplassen.no, seier Hysing-Olsen.
Høgast arbeidsløyse i Aurland
For mange unge kan inngangen til arbeidslivet vere krevjande.
– Ein fersk NIFU-rapport viser at mange nyutdanna synest det er vanskelegare enn forventa å få jobb etter fullført utdanning. Ein sesongjobb kan gi nyttig erfaring og nye mogelegheiter, seier Hysing-Olsen.
Høgast arbeidsløyse i fylket finn vi i Aurland med 2,6 prosent heilt ledige. Deretter følgjer Eidfjord og Fedje med 2,5 prosent. Lågast er arbeidsløysa i Solund, Gulen og Hyllestad.
Under relatert innhald til høgre finn du fleire tal om arbeidsmarknaden i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland i oktober
| Oktober 2026 | Oktober 2025 |
Heilt ledige, Vestland | 5 475 1,6 % av arbeidsstyrken | 5 833 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 016 1,9 % av arbeidsstyrken | 3 063 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 499 | 2 635 |
Ledige under 30 år | 1 429 | 1517 |
Permitterte, heilt eller delvis | 543 | 488 |
Ledige stillingar | 4095 | 3800 |