Pressemelding

Framleis svært få arbeidsledige i Vestland

I september var 5 734 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken. Talet på utlyste stillingar ligg jamt med talet på arbeidsledige.

Vestland fylke ligg godt under gjennomsnittet for landet, som var 2,1 prosent heilt arbeidsledige i september.

– Vi har vore spente på utviklinga i år, men våre tal er så langt svært positive. Vi registrerer svært få permitteringar og overraskande mange utlyste stillingar, til dømes i bygge- og anleggsbransjen. Med så låg ledigheit er det jobbsøkars marknad. Utfordringa ligg i korleis dei ulike bransjane skal få tak i nok folk, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Satsar på opplæring

Nav Vestland jobbar målretta med opplæringstiltak saman med arbeidsgivarar, bransjeorganisasjonar og Vestland fylkeskommune. Målet er å kvalifisere fleire jobbsøkarar til dei bransjane som treng arbeidskraft. Eit eksempel er eit eittårig kurs i isolatørfaget kombinert med norskopplæring som kvalifiserer deltakarar med innvandrarbakgrunn til jobb og etter kvart fagbrev i bedrift.

– Eit godt samarbeid med tiltaksbedrifter, arbeidsgivarar og fylkeskommunen er nøkkelen til at fleire av arbeidssøkarane kan finne varig arbeid og bidra med sin kompetanse, seier Hysing-Olsen.

Helse, butikk og bygg treng flest

I september blei det utlyst 715 ledige stillingar innan bygg og anlegg i Vestland. Dette er det høgaste talet sidan denne registreringsforma starta i 2022.

Handelsnæringa hadde endå fleire ledige jobbar med 761 stillingar innan butikk og sal i september. Helse- og omsorgssektoren toppa lista også denne månaden med 1 282 utlyste stillingar.

Arbeidsløysa var høgast i kommunane Modalen med 3,4 prosent og Gloppen og Hyllestad med 2,9 prosent. Lågast ledigheit i fylket hadde Gulen med 0,6 prosent heilt ledige.

Under «Relatert innhald» til høgre finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.

Arbeidsmarknaden i Vestland, september 2025

Heilt ledige, Vestland

5 734

1,7 % av arbeidsstyrken

Heilt ledige, Bergen

3 035

1,9 % av arbeidsstyrken

Langtidsledige, meir enn seks månader2 700
Ledige under 30 år1 490
Permitterte, heilt eller delvis406
Ledige stillingar5 787

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96