Rundt 18 200 vestlendingar mottok arbeidsavklaringspengar i fjor, ein auke på 1000 frå året før. Talet på uføretrygda i fylket ligg stabilt på 37 000 personar.
Arbeidsavklaringspengar (AAP) skal sikre inntekt når sjukdom eller skade gjer at ein person ikkje kan jobbe som vanleg, og treng hjelp frå Nav til å kome tilbake i arbeid. Ein stor del av dei som har vore sjukemelde i over eitt år, går over på AAP. Ved utgangen av 2025 hadde Vestland 18 200 mottakarar av AAP, mot 17 000 på same tid året før.
Unge kan få inntekt utan diagnose
Dei siste ti åra har andelen stønadsmottakarar med lettare psykiske lidingar, allmenne og uspesifiserte diagnosar auka markant.
– For mange unge er ein diagnose i dag den einaste vegen til å få ei trygdeyting. Det er uheldig at dei må bruke tid på å bevise at dei er sjuke i staden for å utforske moglegheitene sine, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Vestland er pilotfylke for eit nytt program der unge utan jobb eller utdanning kan få økonomisk stønad som ikkje er knytt til ein medisinsk diagnose.
– Dette er eit spennande forsøk der den unge og rettleiaren har full merksemd på aktivitet i staden for helseplager. Dei første deltakarane er allereie i jobb, og vi håpar å sjå god effekt over tid, seier Hysing-Olsen.
– Urovekkande tal
Ved utgangen av 2025 var rundt 37 000 innbyggarar i Vestland registrerte med heilt eller delvis uføretrygd, ei inntektssikring for dei som ikkje kan jobbe på grunn av varig sjukdom eller skade. Det utgjer 8,9 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder og ligg på same nivå som ved førre årsskifte. For ti år sidan var talet 7,9 prosent.
– Det er urovekkande at nesten ein av fem personar i yrkesaktiv alder har ei økonomisk yting knytt til helse. Difor er det så viktig å følge opp sjukemelde tett og legge til rette på arbeidsplassen slik at alt er forsøkt før ein går vidare til AAP og eventuelt uføretrygd, seier Hysing-Olsen.
Han legg til at både den enkelte og samfunnet tener på at alle som kan jobbe heilt eller delvis, får moglegheit til det. Den nye IA-avtalen (inkluderande arbeidsliv) for 2025-2028 legg ansvar på både arbeidsgivar og arbeidstakar for at tilsette ikkje skal falle ut av arbeidslivet.
Store lokale variasjonar
Det er store variasjonar mellom kommunane i andelen uføre. I Sogndal er 6,3 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder uføretrygda, og i Aurland 6,8 prosent. Høgast i fylket ligg Høyanger, Vaksdal og Samnanger med over 13 prosent. Også mellom bydelane i Bergen er skilnadane store: Bergenhus har 5,5 prosent uføretrygda, medan Arna har 11,1 prosent.
Med 8,9 prosent uføretrygda ligg Vestland under landsgjennomsnittet på 10, 5 prosent.
Du finn fleire tal og fakta om uføre i Vestland under Relatert innhald.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09