Sjukefråværet i Møre og Romsdal har gått ned det siste året. I tredje kvartal 2025 var det legemeldte sjukefråværet 4,9 prosent. Dette er 0,1 prosentpoeng høgare enn landsgjennomsnittet på 4,8 prosent, men ein nedgang på 3,5 prosent samanlikna med same kvartal i fjor.
– Det er godt å sjå at sjukefråværet i Møre og Romsdal går ned, og at fleire kommunar har hatt ei positiv utvikling. Særleg gledeleg er den store nedgangen i Sande. Samstundes er det utfordringar i andre kommunar. Dette viser at det er viktig å halde fram med det systematiske arbeidet for å førebygge sjukefråvær og gje god oppfølging til dei som er sjukmelde, seier Stein Veland, direktør i Nav Møre og Romsdal.
Store skilnader mellom kommunane
Det er store variasjonar mellom kommunane i fylket. Sande kommune har hatt størst nedgang dei siste åra, frå 5,8 prosent i 2023 til 3,6 prosent i 2025. Sunndal og Ulstein har også lågt sjukefråvær, med høvesvis 3,8 og 3,9 prosent dette kvartalet.
I andre enden finn vi Ørsta med 6,1 prosent og Vanylven med 8,1 prosent sjukefråvær. Blant dei tre største byane har Ålesund hatt best utvikling det siste året, med ein nedgang til 4,7 prosent. Molde ligg på 4,9 prosent, medan Kristiansund har hatt ein auke til 5,8 prosent.
Figur 1: Utvikling sjukefråvær 3. kvartal frå 2025
Færre tapte dagsverk grunna psykiske lidingar
Det totale talet på tapte dagsverk har gått ned frå 382 931 i andre kvartal 2024 til 370 707 i andre kvartal 2025. Dette svarar til ein reduksjon i det samla sjukefråværet frå 5,1 til 4,9 prosent.
Vi har gjennom koronapandemien hatt ei auke i psykiske lidingar, både målt i tapte dagsverk og i prosentdel når vi samanliknar med andre diagnosar. Tala for tredje kvartal 2025 viser no ein reduksjon i talet på tapte dagsverk grunna psykiske lidingar, frå 90 470 i tredje kvartal i fjor til 88 707 i same kvartal i år. Målt opp mot andre diagnosar har delen med psykiske lidingar stabilisert seg del siste 3 åra, og utgjer no knappe 24 prosent av det totale sjukefråværet. Det er litt lågare enn landet, der 26 prosent av fråværet skuldast psykiske lidingar.
Muskel- og skjelettlidingar utgjer framleis den største diagnosegruppa i Møre og Romsdal, men har hatt ein fallande tendens gjennom 2020-talet og har no stabilisert seg på rundt 37 prosent.
Figur 1: Utvikling av sjukefråværet fordelt på diagnose - prosent
3. kvartal | 2023 | 2024 | 2025 | Landet 2025 |
I alt | 100 % | 100 % | 100 % | 100 % |
Allment og uspesifisert | 8 % | 8 % | 8 % | 8 % |
Andre lidingar | 8 % | 8 % | 8 % | 8 % |
Hjarte- og karsjukdomar | 4 % | 3 % | 4 % | 3 % |
Muskel-/skjelettlidingar | 37 % | 37 % | 37 % | 34 % |
Psykiske lidingar | 23 % | 24 % | 24 % | 26 % |
Svangerskapssjukdomar | 5 % | 5 % | 5 % | 5 % |
Sjukdom i fordøyingsorgana | 5 % | 5 % | 5 % | 5 % |
Sjukdomar i luftvegane | 4 % | 6 % | 4 % | 5 % |
Sjukdomar i nervesystemet | 6 % | 6 % | 6 % | 6 % |
Ukjend | * | * | * | * |
Figur 2: Utvikling av sjukefråværet fordelt på diagnosane Muskel/skjelett og psykiske lidingar
Tabell 3: Sjukefråvær i Møre og Romsdal 3. kvartal 2021-2025 i prosent etter fylker og kommunar
| 3. kvartal 2021 | 3. kvartal 2022 | 3. kvartal 2023 | 3. kvartal 2024 | 3. kvartal 2025 | Endring |
Landet | 4,5 % | 4,6 % | 4,8 % | 5,1 % | 4,8 % | -6,3 % |
Agder | 4,9 % | 5,0 % | 5,2 % | 5,5 % | 5,2 % | -6,1 % |
Akershus | 4,3 % | 4,5 % | 4,8 % | 5,3 % | 4,9 % | -7,4 % |
Buskerud | 4,6 % | 4,8 % | 5,0 % | 5,2 % | 4,9 % | -5,8 % |
Finnmark | 5,2 % | 5,3 % | 5,5 % | 5,6 % | 5,7 % | 2,0 % |
Innlandet | 4,8 % | 4,9 % | 5,0 % | 5,2 % | 4,9 % | -4,2 % |
Møre og Romsdal | 4,9 % | 4,9 % | 4,9 % | 5,1 % | 4,9 % | -3,5 % |
Nordland | 5,4 % | 5,3 % | 5,5 % | 5,6 % | 5,3 % | -5,6 % |
Oslo | 3,6 % | 3,8 % | 4,1 % | 4,5 % | 4,1 % | -7,3 % |
Rogaland | 4,1 % | 4,1 % | 4,2 % | 4,5 % | 4,2 % | -5,9 % |
Telemark | 4,9 % | 5,1 % | 5,2 % | 5,4 % | 5,1 % | -6,2 % |
Troms | 5,0 % | 5,0 % | 5,3 % | 5,7 % | 5,2 % | -10,0 % |
Trøndelag | 4,6 % | 4,6 % | 4,9 % | 5,1 % | 4,8 % | -5,6 % |
Vestfold | 4,6 % | 4,7 % | 5,0 % | 5,4 % | 5,1 % | -5,8 % |
Vestland | 4,6 % | 4,7 % | 4,8 % | 5,2 % | 4,8 % | -7,5 % |
Østfold | 4,9 % | 5,3 % | 5,6 % | 6,0 % | 5,6 % | -6,7 % |
1505 Kristiansund | 5,2 % | 5,2 % | 5,1 % | 5,1 % | 5,8 % | 13,3 % |
1506 Molde | 4,9 % | 5,0 % | 4,8 % | 4,9 % | 4,9 % | 0,5 % |
1508 Ålesund |
|
|
| 4,9 % | 4,7 % | -3,7 % |
1511 Vanylven | 6,5 % | 6,7 % | 7,2 % | 7,3 % | 8,1 % | 10,5 % |
1514 Sande | 5,3 % | 4,3 % | 5,8 % | 4,7 % | 3,6 % | -24,3 % |
1515 Herøy | 5,7 % | 5,1 % | 4,6 % | 5,3 % | 5,2 % | -2,0 % |
1516 Ulstein | 4,2 % | 4,3 % | 3,7 % | 4,4 % | 3,9 % | -9,8 % |
1517 Hareid | 4,9 % | 5,2 % | 4,2 % | 5,4 % | 4,7 % | -13,5 % |
1520 Ørsta | 5,4 % | 4,6 % | 4,8 % | 5,4 % | 6,1 % | 13,1 % |
1525 Stranda | 4,9 % | 4,7 % | 5,2 % | 4,7 % | 5,3 % | 12,9 % |
1528 Sykkylven | 4,4 % | 4,8 % | 5,4 % | 5,7 % | 4,7 % | -16,2 % |
1531 Sula | 4,7 % | 4,7 % | 4,9 % | 5,4 % | 4,6 % | -14,1 % |
1532 Giske | 5,2 % | 5,4 % | 5,9 % | 6,0 % | 5,8 % | -3,9 % |
1535 Vestnes | 4,8 % | 5,4 % | 4,8 % | 6,1 % | 5,2 % | -14,2 % |
1539 Rauma | 5,1 % | 4,9 % | 4,9 % | 5,1 % | 4,3 % | -14,8 % |
1547 Aukra | 4,9 % | 4,8 % | 5,7 % | 5,1 % | 4,8 % | -5,6 % |
1554 Averøy | 6,3 % | 5,7 % | 5,8 % | 5,8 % | 5,6 % | -3,0 % |
1557 Gjemnes | 5,0 % | 4,7 % | 4,4 % | 5,0 % | 5,1 % | 0,2 % |
1560 Tingvoll | 4,9 % | 6,0 % | 4,7 % | 6,0 % | 5,3 % | -11,4 % |
1563 Sunndal | 3,3 % | 3,5 % | 3,7 % | 4,1 % | 3,8 % | -6,7 % |
1566 Surnadal | 4,9 % | 5,0 % | 4,6 % | 4,5 % | 4,2 % | -6,5 % |
1573 Smøla | 6,8 % | 5,9 % | 6,4 % | 6,1 % | 5,1 % | -16,9 % |
1576 Aure | 4,8 % | 5,4 % | 5,3 % | 5,1 % | 4,6 % | -10,1 % |
1577 Volda | 5,3 % | 5,3 % | 5,0 % | 5,9 % | 4,7 % | -19,5 % |
1578 Fjord | 5,4 % | 5,0 % | 5,9 % | 5,8 % | 5,7 % | -1,7 % |
1579 Hustadvika | 5,1 % | 5,0 % | 4,7 % | 5,3 % | 5,0 % | -6,0 % |
1580 Haram |
|
|
| 4,7 % | 4,7 % | -1,3 % |