Sjukefråværet i Møre og Romsdal var på 6,1 prosent i første kvartal 2025, ein nedgang på 2,8 prosent samanlikna med same periode året før. Det er på same nivå som samla for landet der også sjukefråværet i dette kvartalet var 6,1 prosent.
Lågaste sjukefråvær i 1. kvartal sidan 2021
Vi må tilbake til 2021 for å finne eit lågare sjukefråvær i 1. kvartal enn det vi hadde nå i 2025. I 2020 var også sjukefråværet høgare, medan i åra før korona vår sjukefråværet 1. kvartal om lag 0,5 prosentpoeng lågare. Sjukefråværet i årets første 3 månader har med andre ord stabilisert seg og gått noko ned, men det er framleis høgare enn før koronapandemien.
Mest nedgang i privat og offentleg tenesteyting
Sjukefråværet innan privat og offentleg tenesteyting har gått frå 5,6 til 5,4 prosent det siste året, tilsvarande 3,2 prosents nedgang. Det er også lågare sjukefråværsprosent i kommunal forvaltning, der reduksjonen er på 2,7 prosent til eit fråvær på 8,0. I statleg forvaltning er det derimot ei auke samanlikna med i fjor. Auka er på 0,5 prosent opp til 6,6 prosent.
Les heile meldinga med tabellar: Pressemelding om sjukefråværet i Møre og Romsdal 1. kvartal 2025