Pressemelding

Nedgang i sjukefråværet i Møre og Romsdal i 2025

Det legemeldte sjukefråværet gjekk ned frå 2024 til 2025 i Møre og Romsdal. Samla for 2025 enda sjukefråværet på 5,7 prosent, ein nedgang på 1,8 prosent samanlikna med 2024. Sjukefråværet i fjerde kvartal 2025 var 6,0 prosent, mot 5,9 prosent i same kvartal året før.

Til samanlikning var sjukefråværet samla for landet 5,5 prosent i 2025, og 5,8 prosent i fjerde kvartal.

I det følgande omtalar vi berre det legemelde sjukefråværet i fjerde kvartal 2025.

– Vi ser ei svak auke i det legemeldte sjukefråværet i fjerde kvartal i fjor, og at fråværet i Møre og Romsdal framleis ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Det gjer det ekstra viktig å halde fram arbeidet med å førebyggje sjukefråvær og støtte både arbeidsgivarar og arbeidstakarar i oppfølginga. Tidleg dialog, tett oppfølging og god tilrettelegging på arbeidsplassen kan vere avgjerande for at fleire held fram i jobb, seier fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal.

Figur 1: Utvikling av sjukefråværet 4. kvartal i perioden 2015-2025
Kommunal sektor har høgast sjukefråvær i 4. kvartal

Det er framleis store skilnader mellom sektorane. Kommunal forvaltning hadde det høgaste sjukefråværet i fjerde kvartal, med 7,8 prosent.

I statleg forvaltning var sjukefråværet 6,7 prosent. Privat og offentleg næringsverksemd samla hadde det lågaste sjukefråværet med 5,3 prosent.

Figur 2: Utvikling av sjukefråværet 4. kvartal i perioden 2022-2025 etter sektor 

Lågast sjukefråvær i Sunndal kommune

I Sunndal kommune har sjukefråværet vore stabilt lågt i fleire år. I fjerde kvartal var det på 4,2 prosent, det lågaste nivået blant kommunane i fylket. Ulstein med 4,6 prosent og Surnadal med 4,9 prosent er dei to andre kommunane med sjukefråvær under 5 prosent.

Blant dei største byane har Ålesund lågast sjukefråvær med 5,7 prosent. Molde har 6,2 prosent, medan Kristiansund ligg høgast av dei tre, med 6,4 prosent fråvær i fjerde kvartal.

Tabell 1: Sjukefråværet 4. kvartal 2022-2025 i prosent etter fylker og kommunar

 

4. kvartal 2022

4. kvartal 2023

4. kvartal 2024

4. kvartal 2025

Endring
siste år

Landet

5,7 %

6,0 %

5,8 %

5,8 %

-1,1 %

Agder

6,1 %

6,4 %

6,1 %

6,1 %

0,2 %

Akershus

5,7 %

6,0 %

5,9 %

5,9 %

-0,6 %

Buskerud

6,0 %

6,3 %

5,9 %

6,0 %

0,7 %

Finnmark

6,7 %

6,7 %

6,6 %

6,7 %

2,4 %

Innlandet

6,0 %

6,2 %

6,1 %

6,1 %

-0,4 %

Møre og Romsdal

5,9 %

6,1 %

5,9 %

6,0 %

1,2 %

Nordland

6,4 %

6,5 %

6,5 %

6,4 %

-1,2 %

Oslo

4,8 %

5,2 %

5,0 %

4,9 %

-2,4 %

Rogaland

5,1 %

5,2 %

5,1 %

5,1 %

0,7 %

Telemark

6,1 %

6,4 %

6,1 %

6,1 %

0,0 %

Troms

6,3 %

6,5 %

6,6 %

6,1 %

-7,7 %

Trøndelag

5,7 %

6,1 %

5,9 %

5,7 %

-3,2 %

Vestfold

5,8 %

6,3 %

6,0 %

6,0 %

-0,2 %

Vestland

5,9 %

6,1 %

5,9 %

5,8 %

-2,1 %

Østfold

6,6 %

7,0 %

6,9 %

6,8 %

-1,0 %

1505 Kristiansund

6,2 %

6,3 %

5,9 %

6,4 %

9,4 %

1506 Molde

5,9 %

6,0 %

5,6 %

6,2 %

10,4 %

1508 Ålesund

 

 

5,6 %

5,7 %

1,1 %

1511 Vanylven

8,2 %

7,7 %

7,6 %

8,4 %

11,2 %

1514 Sande

6,4 %

6,1 %

5,4 %

6,1 %

13,7 %

1515 Herøy

5,8 %

5,5 %

6,0 %

6,5 %

8,3 %

1516 Ulstein

5,1 %

5,1 %

5,4 %

4,6 %

-13,8 %

1517 Hareid

6,5 %

6,0 %

6,4 %

6,1 %

-5,3 %

1520 Ørsta

6,0 %

6,1 %

6,6 %

7,3 %

11,7 %

1525 Stranda

6,1 %

6,7 %

5,6 %

6,4 %

13,0 %

1528 Sykkylven

6,1 %

6,8 %

6,1 %

5,8 %

-4,4 %

1531 Sula

5,7 %

6,1 %

6,3 %

5,6 %

-11,2 %

1532 Giske

6,8 %

6,8 %

6,6 %

6,8 %

2,6 %

1535 Vestnes

6,7 %

6,5 %

6,3 %

6,2 %

-2,8 %

1539 Rauma

5,8 %

5,9 %

6,2 %

5,1 %

-16,9 %

1547 Aukra

6,1 %

6,6 %

6,0 %

5,9 %

-1,0 %

1554 Averøy

5,6 %

7,0 %

6,2 %

6,3 %

0,9 %

1557 Gjemnes

5,3 %

6,6 %

5,7 %

5,8 %

0,4 %

1560 Tingvoll

7,1 %

6,3 %

7,0 %

5,6 %

-19,4 %

1563 Sunndal

4,4 %

4,6 %

4,6 %

4,2 %

-9,1 %

1566 Surnadal

5,7 %

5,4 %

5,8 %

4,9 %

-15,8 %

1573 Smøla

5,7 %

7,9 %

5,7 %

7,3 %

29,1 %

1576 Aure

5,6 %

6,2 %

4,9 %

5,4 %

11,5 %

1577 Volda

6,1 %

6,6 %

6,8 %

6,0 %

-11,8 %

1578 Fjord

6,2 %

7,8 %

6,7 %

5,7 %

-13,9 %

1579 Hustadvika

6,0 %

6,1 %

6,4 %

6,6 %

3,4 %

1580 Haram

 

 

5,9 %

6,1 %

3,2 %