NAV Nordfjord
NAV-KONTOR
Lokalkontor for Stad, Stryn, Gloppen og Bremanger
Du finn oss her
Du kan velje eit av disse kontora.
Adresse
Lotevegen 21, 6770 NORDFJORDEID
Sentrumsbygget, 2.etasje
Opningstider når du ikkje har avtale
dag | tid |
---|---|
Måndag | 12.00–14.00 |
Tysdag | Kun timeavtale |
Onsdag | 12.00–14.00 |
Torsdag | Kun timeavtale |
Fredag | 12.00–14.00 |
Telefonnummeret til NAV er
Telefontid kvardagar kl 9–15. NAV Kontaktsenter kan hjelpe deg, eller sette deg i kontakt med NAV-kontoret ditt.
Plassering
Lotevegen 21, 6770 NORDFJORDEID
Postadresse
Postboks 68, 6771 NORDFJORDEID
Kontorinformasjon
Organisasjonsnummer: 994004603
Kontornummer: 1443
Dette kan vi hjelpe deg med
- Hjelp til å kome i jobb
- Hjelp i nødssituasjonar, til dømes mellombels butilbod eller økonomisk sosialhjelp
- Økonomi- og gjeldsrådgiving
- Tilgang til PC
- Hjelp til å bruke digitale tenester dersom du treng det
- Frivillig og tvungen forvaltning av privatøkonomi
- Kommunal bustad
- Oppfølging av personar med rusproblem
- Oppfølging av personar med psykiske helseproblem
Avtal møte med rettleiaren din
Viss du er arbeidssøkar
Du må vere registrert som arbeidssøkar for å kontakte rettleiaren din. Då kan du avtale møte og ha dialog om aktivitetar og tiltak.
Du kan få hjelp til å avtale møte ved å ringe NAV på telefon 55 55 33 33. Du kan òg skrive til oss for å avtale møte.
Viss du er sjuk
Avtal møte i Ditt sjukefråvær.
Du kan få hjelp til å avtale møte ved å ringe NAV på telefon 55 55 33 33. Du kan òg skrive til oss for å avtale møte.
Viss du får økonomisk sosialhjelp eller andre sosiale tenester
Avtal møte ved å ringe oss på telefon 55 55 33 33.
Skal du søke eller sende eit skjema til NAV?
Du kan søke både digitalt og på papir. Her finn du søknader og skjema.
Treng du tilgang til PC eller skriver?
Vi har publikums-PC-ar og skrivarar på kontoret som du kan bruke.
Skal du sende papirsøknad i posten?
Då må du hugse å leggje ved framsida til søknaden. Den kan du laste ned når du lastar ned søknaden på papir. På framsida står adressa du skal sende søknaden til.
Skal du søke om økonomisk sosialhjelp?
På nav.no kan du søke om økonomisk sosialhjelp digitalt eller på papir.
I tillegg har kvar enkelt kommune eit eige søknadskjema som du kan bruke. Du kan også hente papirskjema på NAV-kontoret ditt. Les meir om sosialhjelp.
Du kan levere papirsøknaden på NAV-kontoret eller sende han i posten.
Ventar du på utbetaling?
Sjå utbetalingsdatoar for ulike pengestøtter.
Du kan sjå den komande utbetalinga i utbetalingsoversikta di.
Utbetalingsdato for økonomisk sosialhjelp kan variere frå kommune til kommune. Du finn informasjon om utbetalingar under Dine Utbetalingar eller i vedtaksbrevet. Dersom utbetalingsdatoen er i ei helg eller på en heilagdag, får du normalt pengane dagen før.