Slik gjer du det

Søk om godkjenning av farskap eller medmorskap fastsett i utlandet

Farskap eller medmorskap fastsett i utlandet kan godkjennast i Noreg.

Om godkjenning

Farskap eller medmorskap fastsett i utlandet kan godkjennast i Noreg.

Når ei avgjerd om farskap eller medmorskap frå utlandet blir godkjent i Noreg, vil faren eller medmoren få dei same rettane og pliktene som ein foreldreskap registrert i Noreg. 

Desse rettane og pliktene blir då lagt til grunn i alle samanhengar der farskap eller medmorskap er av betydning.

Dersom farskapet eller medmorskapet for barnet ditt er fastsett utanfor Norden, kan du søke om at den utanlandske avgjersla vert godkjent i Noreg.

Du kan også søke om godkjenning av utanlandske avgjersler om endring av farskap eller om frifinning for farskap.

Det er ikkje naudsynt å søke om godkjenning når

  • du og den andre forelderen var gift då barnet vart fødd. Farskap eller medmorskap følger då i dei aller fleste land direkte av ekteskapet, dette kallar vi  «pater est»-regelen. Farskapet eller medmorskapet vert då sett på som å følge direkte av utanlandsk lov. Foreldra må kontakte Skatteetaten dersom ekteskapet er inngått i utlandet, og dette ikkje er registrert i Norge.
  • farskap eller medmorskap er fastsett ved rettskraftig dom eller erklæring i eitt av de nordiske landa (Danmark, Finland, Island og Sverige). Då må du kontakte Skatteetaten og registrere farskapet eller medmorskapet i Norge.

Søknad og dokumentasjon

Slik søker du

Bruk dette skjemaet om du treng å få godkjent ei utanlandsk avgjerd om farskapar eller medmorskap i Noreg.

Fyll ut skjemaet og send det til Nav.

Dette må du legge ved søknaden

Dokumenta skal vere originaldokument. Dersom du ikkje vil sende inn originaldokument, kan du sende inn dokument som utanlandske myndigheiter har stadfesta som kopiar.

I tillegg må enten fødselsattesten eller dokumentasjonen på fastsettinga av farskapet eller medmorskapet ha apostillestempel, eller vere legalisert av landets utanriksdepartement.

Dokument på andre språk må omsettast til norsk eller engelsk av en statsautorisert omsettar.

Saksbehandlingstid for søknader

Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.

Saka gjeldForventa saksbehandlingstid
Søknad om godkjenning av farskap eller medmorskap fastsett i utlandet6 månader

Saksbehandlingstid for klage

Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klaga til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Dei vil vurdera saka di på nytt. Om dei ikkje er samde i klaga di, sender dei den vidare til Barne- og familiedepartementet.

Saka gjeldForventa saksbehandlingstid
Klage til Nav-eining10 veker
Klage til Barne- og familiedepartementet 5 månader

Etter at vi har behandla søknaden din

Når søknaden din er behandla, vil Nav sende vedtaket til Skatteetaten for registrering dersom farskapet eller medmorskapet vert anerkjent.

Oppdatert 23.04.2026