Koronakrisa ramma ulikt på arbeidsmarknaden
NAV-notat nr.3-2021
Av Kristian Harald Myklathun
I dette notatet belyser me tre ulike aspekt ved situasjonen til dei som vart arbeidslause i starten
av koronapandemien: tilknyting til arbeidslivet, bytte av jobb og situasjonen til dei permitterte.
Me finner at dei fleste kom raskt tilbake i arbeid. 84 prosent hadde minst éin månad der dei var
heilt tilbake i arbeid i løpet av det påfølgjande året, og det tok i snitt 3,3 månader før dei var
tilbake.
Enkelte grupper kom likevel dårlegare ut enn andre. Personar med bakgrunn frå reiseliv og transport kom særskilt dårleg ut, det same gjelder personar busett i Oslo og Viken. Personar med låg inntekt hadde færre månader med arbeid etter at dei mista jobben. Dette gjelder også personar som ikkje har utdanning utover grunnskulenivå. Det er derimot ikkje så store skilnader mellom dei som har utdanning på vidaregåande nivå og dei med høgare utdanning. Norskfødde hadde fleire månader i arbeid etter at dei mista jobben enn dei som var fødd i andre land, og færrast månader i arbeid hadde dei fødd i afrikanske land. Dette er konsistent med tidlegare funn som er gjort med andre mål på arbeid, eller over ein litt kortare tidsperiode.
Av dei som vart permitterte var tre av fire heilt eller delvis tilbake i arbeid allereie etter éin månad.
Også blant dei ordinært (ikkje permittert) heilt arbeidslause var mange raskt tilbake, og over
halvparten av desse var tilbake i arbeid etter éin månad.
I løpet av det fyrste året etter at dei vart arbeidslause var 29 prosent registrert med ein annan
arbeidsgjevar i minst éin månad. Personar med bakgrunn frå barne- og ungdomsarbeid bytta i
størst grad hovudarbeidsgjevar i perioden, medan personar med leiarbakgrunn i minst grad bytta
hovudarbeidsgjevar.