Framskriving av talet på brukarar av hjelpemiddel 2024–2050
Nav-rapport nr. 7–2025
Av Sigurd Gjerde
Demografien i Noreg er i endring, og det blir ein stadig høgare del personar i dei eldre aldersgruppene. Denne endringa vil auke presset på helse- og omsorgstenestene, og medføra ein auke i talet på personar med behov for hjelpemiddel frå Nav.
Det er derfor utarbeidd framskrivingar for årleg tilgang av brukarar av hjelpemiddel fram til 2050. Framskrivingane er laga for nasjonalt nivå, for fylke, og kommunar eller kommunegrupper.
Framskrivingane syner ein auke i talet på brukarar på 15 prosent til 2030, 40 prosent til 2040 62 prosent til 2050. Det er dei eldre aldersgruppene som vil utgjere heile denne auken. Spesielt aldersgruppene over 80 år vil utgjere ein hovuddel av auken.
Det er forskjellar i brukartilgang mellom fylke, ettersom dei demografiske faktorane slår forskjellig ut. Det er også store forskjellar mellom ulike typar kommunar. Større byar og nabokommunane rundt desse vil ha størst vekst framover. Mindre sentrale kommunar vil ha lågare auke i brukartilgang.
Rapporten er skriven på bakgrunn av ei bestilling frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Lenke: Framskriving av talet på brukarar av hjelpemiddel 2024-2050 (pdf)
Lenke: Framskriving hjelpemiddelbrukarar 2024-2050, figurgrunnlag (xls)
For eit meir detaljert bilete av utviklinga på fylkes- og kommunenivå, sjå rekneark per fylke:
Lenke: Framskriving 2024-2050 Agder (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Akershus (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Buskerud (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Finnmark (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Innlandet (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Møre og Romsdal (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Nordland (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Oslo (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Rogaland (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Telemark (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Troms (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Trøndelag (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Vestfold (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Vestland (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Østfold (xls)
Lenke: Framskriving 2024-2050 Landstal (xls)