Av Jorunn Furuberg

Dersom dei framtidige generasjonane vel utdanning slik tilsvarande generasjonar av menn og kvinner gjorde i åra 2002 til 2006, vil utdanningsnivået i folkemengda auka. I 2030 vil 34 prosent av folkemengda i yrkesaktiv alder ha høgare utdanning mot 26 prosent i 2007, samstundes vil prosentdelen som har vidaregåande skole som høgste utdanning gå kraftig ned. Du kan lese meir om dette i denne artikkelen, som tek for seg korleis tilbodet av arbeidskraft vil bli fram mot 2030, gitt at folk i åra framover vil tilpassa seg slik personar med tilsvarande karakteristika gjorde i åra 2002 – 2006.