Av Jorunn Furuberg

I denne artikkelen ser vi på korleis tilbodet av arbeidskraft med vidaregåande utdanning som høgaste fullførte utdanning vil bli i tida fram mot 2030, dersom framtidige generasjonar vel utdanning og tilpassing på arbeidsmarknaden slik tilsvarande personar gjorde i åra 2002 -2006. Artikkelen tar føre seg  korleis arbeidsstyrken med ulike typar av vidaregåande utdanning vil utvikla seg i tida framover, m.o.t. storleik  og  gjennomsnittsalder. Vi ser også på korleis yrkesdeltakinga vil endra seg for ulike utdanningsgrupper på vidaregåande nivå.

Artikkelen byggjer på framskrivingane i  ”Tilbodet av arbeidskraft etter utdanning 2007 -2030”, som blei presentert i Arbeid og velferd nr. 2-2009.