Forventa pensjoneringsalder og yrkesaktivitet
Arbeid og velferd nr. 2-2013
Av Oddbjørn Haga
Ettersom stadig fleire kombinerer arbeid og pensjon, er det ofte ikkje lenger samsvar mellom når folk tek ut pensjon og når dei sluttar i arbeid. Vi har difor i denne artikkelen utarbeida separate indikatorar for sysselsetjingsåtferda og pensjoneringsåtferda. Forventa pensjoneringsalder gjer uttrykk for pensjoneringsåtferda, medan forventa yrkesaktivitet måler lengda på yrkeskarrierar.
I den nye IA-avtala for åra 2010-2013 er ei av målsetjingane at gjennomsnittleg periode med yrkesaktivitet etter 50 år skal forlengast med 6 månader. Vår indikator over forventa yrkesaktivitet kan være ein måte å følgje med på om vi når dette målet.