Folkemengd og arbeidsstyrke fram mot 2040
Arbeid og velferd nr.3-2016
Av Jorunn Furuberg
Dei siste ti åra har folkemengda i Noreg auka langt sterkare enn det ein såg føre seg tidlegare, hovudsakleg på grunn av høg nettoinnvandring. Frå 2006 til 2015 auka arbeidsstyrken med 326 000 personar. Berre 12 prosent av dette skuldast auka yrkesfrekvens i ulike aldersgrupper, resten kan forklarast med auke i folkemengda og endringar i alderssamansetjinga av folkemengda. Dei siste ti åra har yrkesdeltakinga blant eldre auka, og meir blant kvinner enn blant menn. Blant menn under 50 år, og blant kvinner under 30 år, har det vore ein nedgang i yrkesdeltakinga.
I SSB si siste framskriving av folkemengda vil det vera vekst fram mot 2040 i alle alternativa. I hovudalternativet vil det vera over 6,3 millionar personar i Noreg. Veksten vil vera størst blant dei eldste.
Med konstant yrkesdeltaking på 2015-nivå for menn og kvinner i alle aldersgrupper, vil arbeidsstyrken veksa fram mot 2040, uansett kva for alternativ for veksten i folkemengda vi legg til grunn. Vi har også sett på korleis tre ulike alternativ for utvikling i yrkesdeltakinga vil påverka veksten i arbeidsstyrken, med utgangspunkt i SSB sitt hovudalternativ for vekst i folkemengda.
Vi finn at dersom yrkesdeltakinga blant kvinner aukar slik at den i 2040 er på same nivå som blant menn i 2015, og auken i yrkesdeltakinga blant dei eldste mennene held fram til 2025, kan arbeidsstyrken bli 160 000 høgare i 2040 enn om yrkesdeltakinga held seg på dagens nivå. Dersom yrkesdeltakinga blant alle kvinner og blant menn over 60 år ikkje aukar, og nedgangen blant yngre menn held fram, kan det bli 80 000 færre i arbeidsstyrken i 2040 enn med konstant yrkesdeltaking. Dette illustrer at utviklinga både i folkemengda og i yrkesdeltakinga er viktig for storleiken på arbeidsstyrken i framtida. NAV har her ei viktig rolle å spela for å motverka utestenging og utstøyting frå arbeidsmarknaden for utsette grupper, slik at vi kan sikra høg yrkesdeltaking og fleire i arbeidsstyrken i framtida.