Arbeidslaus i fyrste del av koronakrisa – dei fleste raskt tilbake i arbeid
Arbeid og velferd nr.3-2021
Av Audun Gjerde, Kristian Myklathun og Johannes Sørbø
I denne artikkelen ser vi nærare på dei som vart permittert eller mista jobben i den fyrste fasen av koronapandemien. Ved hjelp av sekvensanalyse identifiserer vi sju typiske løpebaner basert på eit samla bilete av personane si tilknyting til arbeidslivet gjennom det påfølgjande året.
I samsvar med tidlegare analyser finn vi at dei fleste kom raskt tilbake i jobb, men også at det er mange som følgjer løpebaner som er prega av meir varierte utfall og lausare tilknyting til arbeidslivet. Den klart vanlegaste løpebana vi identifiserer er dei som kom seg raskt tilbake i arbeid. Om lag 7 av 10 høyrer til i denne gruppa. Personane som følgjer denne løpebana vart i stor grad permittert i starten av pandemien, før dei kom tilbake i arbeid i løpet av nokre få månader. Personar fødd i Noreg er overrepresentert i denne gruppa, og det same gjeld personar med bakgrunn frå butikk- og salsarbeid.
Den nest største gruppa i vår populasjon, 6 prosent, er dei som hamner i kategorien «Til «anna». Dette er i hovudsak personar som starta som heilt arbeidslause utan å være permitterte, men som så i løpet av nokre månader forsvinn ut av registera vi har undersøkt. Det vil til dømes være dei som startar i utdanning, tek ut alderspensjon eller vert sjølvstendig næringsdrivande.
Om lag 5 prosent hamner i gruppa «Vekslande arbeidstilknyting», som er prega av skifter mellom permittering og arbeid, og like mange i gruppa «Langvarig permittering». Personar med bakgrunn frå reiseliv og transport er overrepresentert i desse gruppene, og det same gjeld innvandrarar og personar busett i Oslo.
Nesten like mange, 4 prosent, hamnar i gruppa «Langvarig arbeidsløyse», som er personar som i stor grad er heilt arbeidslause og ikkje permittert i heile perioden vi ser på. Også her er innvandrarar overrepresentert, og gruppa består nesten berre av personar som var heilt arbeidslause og ikkje permittert då dei registrerte seg.
Arbeidslaus i fyrste del av koronakrisa – dei fleste raskt tilbake i arbeid (pdf)