Av Jorunn Furuberg og Ola Thune

I offentlege utgreiingar og i nokre forskingsrapportar har summen av personar som mottek ulike stønader frå Nav vorte nytta som eit mål på urealisert innanlandsk arbeidskraftspotensiale, eller eit mål på kor mykje offentlege utgifter kunne vore redusert dersom alle desse var i arbeid. Sidan mange mottek meir enn ein type stønad til same tid, eller arbeider ved sida av ei gradert trygdeyting, vil summen av alle som er arbeidslause eller mottek ei trygdeyting ikkje gi eit rett bilete av kor mange årsverk som går tapt på grunn av dårleg helse og arbeidsløyse.

I denne artikkelen presenterer vi eit estimat på kor mange årsverk som går tapt i den daglege produksjonen på grunn av dårleg helse og arbeidsløyse