Nye lokale for Nav Fitjar
Fitjar kommune og Nav Vestland ønsker å leige nye lokale.
Nav Fitjar er eit Nav-kontor med om lag ni tilsette som skal betene innbyggarane i Fitjar kommune.
Lokalisering: Nav Fitjar må vere lokalisert sentralt på Fitjar. Lokalet må vere tilgjengeleg med offentleg kommunikasjon.
Estimert arealbehov: Ca. 180-230 kvm BTA.
Innhald: Arealeffektive kontorlokale med publikumsmottak, samtalerom og kontorarbeidsplassar. Delar av lokalet må kunne delast av i ein sikker sone.
Vi søkjer etter fleksible kontorlokale med nøktern, moderne standard tilpassa nye arbeidsplassløysningar. Det vert stilt krav om god arealutnytting, energieffektivitet og universell utforming.
Ønska innflytting: Tidlegast 1. mars 2027. Seinare innflytting vil bli vurdert.
Ønska leigetid: Fem år med rett til opsjon på inntil 5+5+5 år.
Vi ber potensielle tilbydarar om å melde interesse for å få tilsendt skjema for nøkkeltalinformasjon om ledig leigeobjekt.
Merk e-posten med «Lokale Nav Fitjar» i emnefeltet.
Innsendte nøkkeltalskjema blir lagt til grunn for prekvalifisering av tilbydarar. Nøkkeltalskjema sendast til oyvind.wold@nav.no innan 30.09.2026.