Råd for ung medverknad i Nav Vestland

Rådet blei etablert i 2025 som eit rådgivande organ i saker som gjeld tenester til unge i alderen 18 til 30 år.

Rådet skal jobbe med brukarmedverknad på teneste- og systemnivå i Nav.  Det skal også vere eit samarbeidsforum mellom Nav, brukarar av Nav og andre samarbeidspartnarar, som  brukarråd og utval, kommunar og fylkeskommunen. 

Formålet er å bidra til at tenestene i Nav retta mot ungdom treff målgruppa og er av god kvalitet.  Kort sagt skal rådet bidra til positiv endring for ungdom.

Råd for ung brukarmedverknad møtest sju-åtte ganger i året på ulike Nav-kontor i fylket. Dei kan medverke i alt frå enkeltsaker der ein ønsker synspunkt frå unge, til større prosjekt og arrangement. Medlemmene har opplæring i prosessrettleiing.

Vil du bli med i Råd for ung medverknad?

  • Er du mellom 18 og 28 år og har erfaring med Nav?
  • Ønsker du å påverke Nav-tenestene til unge i Vestland?

Rådet for ung medverknad ønsker nye medlemmer.  Vi møtest sju-åtte gonger i året på ulike Nav-kontor i fylket. Her diskuterer vi aktuelle saker, gir råd til Nav-kontor og deltek i prosjekt og utviklingsarbeid. Som medlem av rådet får du erfaringar og kurs som kan vere nyttige i arbeidslivet seinare. Du får utbetalt honorar for vervet.

Kontakt oss på nav.vestland.ung@nav.no viss dette høyrest spennande ut.

Ønsker du innspel frå Råd for ung medverknad, eller eit samarbeid?

Ta gjerne kontakt på nav.vestland.ung@nav.no og beskriv kort kva saka gjeld.