Koronavirus: statistikk frå NAV

NAV samlar statistikk som viser korleis norsk økonomi og næringsliv vert påverka av koronaviruset. Her kjem blant anna tal på sjukefråvær, søknader om dagpengar og kvar veke på arbeidsløyse. Mange av desse statistikkane inneheld tal for Rogaland fylke. 

Arbeidsmarknaden

Ved utgangen av kvar månad offentleggjer vi statistikk om arbeidsløysa og ledige stillinger i Rogaland. Tala vert også kommentert i ei eiga pressemelding og nyheit på nav.no/Rogaland.

Sjukefråvær

Kvart kvartal legg vi ut statistikk over legemeldt sjukefråvær i fylket. Sjukefråværsprosenten fortel om delen av planlagde dagsverk som gjekk tapt på grunn av legemeldt sjukdom. 

Sosialhjelpsmottakarar

ssb.no/kostra finn du opplysningar om tenesteproduksjonen i norske kommunar. KOSTRA betyr "Kommune-stat-rapportering" som er dei offisielle rapportane frå kommunane til  t om verksemda si til staten. Her kan du blant anna finne del sosialhjelpsmottakarar.

Bedriftsundersøking

Vi gjennomfører ei årleg utvalsundersøking blant bedrifter i fylket. Undersøkinga er ei nyttig kjelde til betre kunnskap om bedriftene sin etterspurnad etter arbeidskraft.

Ta kontakt med:

Seniorrådgjevar

Gustav Svane

Telefon: 98 05 73 00