Kva kan NAV hjelpe med?
NAV Arbeidslivssenter Rogaland hjelper verksemder og bedrifter med råd for å redusere sjukefråværet, styrke jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet.
Vi kan hjelpe til med å analysere, planleggje og evaluere utfordringar på arbeidsplassen og anbefale tiltak for å bli ei meir inkluderande verksemd.
Kontakt oss dersom du er eller vil bli ei IA-verksemd. Når verksemda di har teikna samarbeidsavtale med NAV vil de få tildelt ein eigen kontaktperson. Leiarar, tillitsvalde og verneombod kan få faglig hjelp til å utvikle ein meir inkluderande arbeidsplass.
NAV-kontoret har hovudansvaret for oppfølging av den enkelte arbeidstakaren eller tiltaksdeltakaren. Det betyr at kontaktpersonen koordinerer den hjelpa de har blitt samde om.