Nyheter

Når unge får sjansen

Tolv unge fekk jobb etter den første WorkOp-samlinga på Søre Sunnmøre. Då konseptet kom til Ulsteinvik, møtte rekordmange unge og arbeidsgivarar opp for å finne nye vegar inn i arbeidslivet.

Arbeidsgivarar, WorkOp-ansvarlege og ungdomsrettleiarar samla før samlinga i Ulsteinvik. Gjennom godt samarbeid, høg energi og grundige førebuingar la dei til rette for gode møte mellom unge arbeidssøkjarar og lokalt næringsliv.
Arbeidsgivarar, WorkOp-ansvarlege og ungdomsrettleiarar samla før samlinga i Ulsteinvik. Gjennom godt samarbeid, høg energi og grundige førebuingar la dei til rette for gode møte mellom unge arbeidssøkjarar og lokalt næringsliv.

Ein møteplass som gir resultat

WorkOp er eitt av tiltaka i Nav si satsing på unge arbeidssøkjarar. Her får ungdom møte potensielle arbeidsgivarar direkte, i staden for å vere éin av mange CV-ar i ein søknadsbunke.

I løpet av dagen presenterer arbeidsgivarane verksemda si og fortel om moglegheitene som finst. Deretter vel dei unge sjølve kven dei ønskjer å møte vidare. Målet er å gi kandidatane høve til å vise fram motivasjon, eigenskapar og potensial gjennom personlege møte.

Dei første erfaringane frå Møre og Romsdal er særs lovande. Då den første WorkOp-samlinga vart arrangert i Hareid 7. mai, fekk 12 unge deltakarar tilbod om jobb og signerte arbeidskontrakt.

– WorkOp er ein måte å kople saman arbeidsgivarar og jobbsøkjarar, der ein får møte menneska bak både CV-en og stillingsannonsen. Erfaringane frå Hareid viste at dette fungerer. Tolv deltakarar gjekk vidare til jobb, og fleire verksemder fann kandidatar dei ønskte å gå vidare med. Det viser kva som kan skje når folk møtest på ein annan måte, seier Terje Rolén, WorkOp ansvarleg på Søre Sunnmøre.

Kåre Hansen og Terje Rolén er WorkOp-ansvarlege på Søre Sunnmøre. Dei har med  seg eit sterkt lag av ungdomsrettleiarar som følgjer opp unge arbeidssøkjarar før, under og etter  WorkOp-samlingane.
Kåre Hansen og Terje Rolén er WorkOp-ansvarlege på Søre Sunnmøre. Dei har med seg eit sterkt lag av ungdomsrettleiarar som følgjer opp unge arbeidssøkjarar før, under og etter WorkOp-samlingane.

Tre nye kollegaer etter ei samling

Ode Processing var ei av verksemdene som ønskte å møte unge arbeidssøkjarar på ein ny måte. Erfaringane vart så gode at bedrifta valde å tilsetje tre av kandidatane dei møtte gjennom samlinga. For HR- og administrasjonsleiar Ann-Karin Sætre er resultatet eit godt døme på korleis WorkOp kan skape konkrete jobbmoglegheiter for unge, samtidig som arbeidsgivarar får tilgang til motiverte kandidatar.

– WorkOp gav oss ein heilt annan inngang til rekruttering enn vi er vane med. I staden for å møte kandidatane gjennom søknader og CV-ar, fekk vi snakke med dei ansikt til ansikt og bli kjende med menneska bak søknadene. Det gav oss eit langt betre grunnlag for å vurdere motivasjon, eigenskapar og potensial, seier Ann-Karin Sætre, HR- og administrasjonsleiar i Ode.

– Erfaringane våre frå WorkOp er svært positive. At vi tilsette tre av kandidatane viser at denne måten å kople arbeidsgivarar og unge arbeidssøkjarar på kan gi konkrete resultat, seier Sætre.

Bilde av Sarah Stridh, Nathalie Eide og Mohammad Adnan Masr som blei tilsett etter WorkOp arrangementet i Hareid i mai.
Sarah Stridh, Nathalie Eide og Mohammad Adnan Masr blei tilsett etter WorkOp arrangementet i Hareid i mai.

Frå suksess i Hareid til rekordinteresse i Ulsteinvik

Dei gode resultata frå Hareid skapte stor interesse blant både arbeidsgivarar og unge arbeidssøkjarar på Søre Sunnmøre. Då Nav Møre og Romsdal og Nav Ytre Søre Sunnmøre inviterte til ny WorkOp-samling i Ulsteinvik 22. oktober, var interessa frå næringslivet større enn nokon gong.

Fem verksemder fekk plass på samlinga: Tussa, Havila, Obs Bygg, Green Yard og Larsnes Mek. Samtidig hadde talet på unge deltakarar auka frå den første samlinga, og heile 30 arbeidssøkjarar mellom 16 og 30 år fekk moglegheita til å møte potensielle arbeidsgivarar.

– For meg var det avgjerande å møte folk som såg moglegheitene framfor hindringane

For fleire av dei unge deltakarane vart historia til Even Wiik eit konkret døme på at vegen inn i arbeidslivet ikkje alltid er rett fram. Etter fleire år utan jobb på grunn av helseutfordringar fann han vegen tilbake. I dag er han assisterande varehussjef ved Coop Obs Bygg i Ulsteinvik.

– Eg veit kor mykje det betyr at nokon ser potensialet ditt, og ikkje berre hola i CV-en. For meg var det avgjerande å møte folk som såg moglegheitene framfor hindringane. Det gav meg tilbake trua på at det var plass til meg i arbeidslivet, seier Even Wiik, assisterande varehussjef i Coop Obs Ulsteinvik.

Han meiner møteplassar som WorkOp gir arbeidsgivarar eit betre grunnlag for å bli kjende med kandidatane.

– Mange unge har mykje å bidra med, sjølv om dei manglar erfaring eller den perfekte CV-en. Her får dei vist kven dei er, noko eg meiner er viktig. Vi møtte fleire kandidatar som kan vere aktuelle for jobb hos oss framover, seier Wiik.

Emilie Dyb Waagan, varehussjef i Coop Obs Bygg, og Even Wiik, assisterande  varehussjef, inspirerte unge arbeidssøkarar i Ulsteinvik. Dei meiner motivasjon og vilje til å lære  ofte fortel meir enn det som står i ein CV.
Emilie Dyb Waagan, varehussjef i Coop Obs Bygg, og Even Wiik, assisterande varehussjef, inspirerte unge arbeidssøkarar i Ulsteinvik. Dei meiner motivasjon og vilje til å lære ofte fortel meir enn det som står i ein CV.

Lett å få tru på ungdommen

Havila var også blant verksemdene som deltok i Ulsteinvik, og opplevde stor interesse frå dei unge deltakarane gjennom heile dagen. – Vi hadde mange gode samtalar med motiverte kandidatar og merka stor interesse for både verksemda vår og moglegheitene som finst hos oss. Det er inspirerande å møte så mange unge som ønskjer å jobbe og utvikle seg. Vi reiser heim med fleire kandidatar vi ønskjer å følgje opp vidare, seier Monica Nipen, HR-direktør i Havila.

Det er lett å få tru på ungdommen når ein møter så mange som er interesserte,  nysgjerrige og villige til å ta tak i eigne moglegheiter, sa Monica Nipen etter WorkOp-samlinga i  Ulsteinvik.
Det er lett å få tru på ungdommen når ein møter så mange som er interesserte, nysgjerrige og villige til å ta tak i eigne moglegheiter, sa Monica Nipen etter WorkOp-samlinga i Ulsteinvik.

Fleire unge får ein fot innanfor

WorkOp er eitt av tiltaka i Nav sitt arbeid med ungdomsgarantien, som skal hjelpe fleire unge inn i arbeid eller utdanning gjennom tett og individuelt tilpassa oppfølging.

– Dei gode resultata kjem av eit tett samarbeid mellom næringslivet og Nav. Arbeidsgivarane stiller opp med tilbod om jobb, medan Nav førebur og følgjer opp dei unge gjennom heile prosessen. Dei første samlingane har vist kva som kan skje når vi jobbar mot det same målet: å få fleire unge i arbeid, seier Kristin Bjerkvik, avdelingsleiar for Nav Ytre Søre Sunnmøre.

– Det som gjer sterkast inntrykk, er å sjå korleis unge som kjem inn døra med høge skuldrar og litt usikkerheit, gradvis senkar skuldrene gjennom dagen. Dei går ut igjen med nye kontaktar, nye erfaringar og for somme også konkrete tilbod om jobb. Det gir oss motivasjon til å halde fram arbeidet, seier Bjerkvik.

Kristin Bjerkvik meiner resultata frå dei to første WorkOp-samlingane viser kor mykje  som kan skje når unge og arbeidsgivarar får møtast ansikt til ansikt.
Kristin Bjerkvik meiner resultata frå dei to første WorkOp-samlingane viser kor mykje som kan skje når unge og arbeidsgivarar får møtast ansikt til ansikt.