Rutine for tilpassing av rullestol
Rutine for samhandling ved tilpassing av rullestolar. Rutinen gjeld for NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen og kommunane vi samarbeider med.
For at brukarane skal få smidig tilpassing av hjelpemidla, har vi utarbeidd ein rutine for samhandling om tilpassing av rullestolar.
Rutine for tilpassing
Rutinen gjeld alle kommunane med unntak av Bergen kommune
- Den kommunale terapeuten som har søkt om hjelpemiddelet har ansvar for å følgje opp prosessen etter at søknaden er innvilga.
- Av omsyn til personvern bruker vi ikkje namn når vi sender informasjon i ei sak. For å identifisere saka, viser vi til brukarnummer og nummer på serviceforespørsel (SF).
- NAV Hjelpemiddelsentral gir beskjed til den kommunale terapeuten når ein søknad vert innvilga eller avslått. Vi oppgir årsaken til avslaget.
- Når søknaden vert innvilga bestiller NAV Hjelpemiddelsentral delar til tilpassinga. Den kommunale terapeuten får e-post når delane er komne på lager og hjelpemiddelsentralen har planlagt tid for tilpassing. Vi har vanlegvis kapasitet til å tilpasse hjelpemiddelet 2-3 veker etter at vi har fått delane.
- Terapeuten bestiller kommunal transport for å frakte hjelpemiddelet til hjelpemiddelsentralen, og legg ved nødvendig dokumentasjon. Bruk det lokale skjemaet «Bestilling av reparasjon og demontering». Skjemaet kan bestillast ved å sende e-post til avdeling Teknikk på hjelpemiddelsentralen. Sjå kontaktinformasjon under Relatert informasjon.
- NAV Hjelpemiddelsentral sender brukaren melding i Ditt NAV om at kommunen skal hente hjelpemiddelet. Brukaren får SF-nummeret for saka, og beskjed om å kontakte kommunal terapeut.
- Når hjelpemiddelet er tilpassa, sender NAV Hjelpemiddelsentral det tilbake til brukaren med kommunal transport.
Rutine for tilpassing i Bergen kommune
I Bergen kommune gjer Hjelpemiddelhuset avtale med brukaren om innhenting og utlevering av hjelpemiddel som skal tilpassast.
- NAV Hjelpemiddelsentral gir beskjed til den kommunale terapeuten når ein søknad vert innvilga eller avslått. Svaret vert grunngjeve.
- Når søknaden om tilpassing vert innvilga, bestiller NAV Hjelpemiddelsentral delar til tilpassinga. Hjelpemiddelhuset i Bergen får beskjed om når hjelpemiddelsentralen har planlagt tid for tilpassing.
- Hjelpemiddelhuset informerer brukaren om tid for tilpassing. Hjelpemiddelhuset gjer også avtale med brukaren om innhenting og tilbakelevering av hjelpemiddelet.
- Når hjelpemiddelet er ferdig tilpassa, gir Hjelpemiddelhuset beskjed til den kommunale terapeuten som har søkt om tilpassinga av hjelpemiddelet.
- Den kommunale terapeuten følgjer opp brukaren etter at hjelpemiddelet er tilpassa. Terapeuten har ansvar for at brukaren får nødvendig opplæring.
Kontakt oss
Spørsmål om rutinen kan rettast til avdeling Teknikk ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen.
- Telefon: 40 64 97 80
- E-post: nav.hot.vestland.bergen.teknisk@nav.no
Det kan vere endringar i telefon- og opningstidene i feriar og høgtider og liknande.
Følg med på dei lokale sidene våre for oppdatert informasjon.