Når barn og unge byter barnehage eller skule
For barn og ungdom som treng hjelpemiddel i kvardagen, er hjelpemidla viktige for at dei skal kunne ta del i aktivitetar, leik og læring. Hjelpemidla bør difor vere på plass frå fyrste dag.
Barn og unge med nedsett funksjonsevne, er sårbare i overgangen mellom barnehage og skole, og ved byte av lærestad eller klasserom. Når barnet skal byte skule eller barnehage må førebuingane starte tidleg, slik at hjelpemidla er på plass når barnet byrjar på den nye lærestaden.
Dette er viktig å vite
- Hjelpemiddelet barnet brukar, skal følgje barnet når hen skiftar skule eller barnehage.
- Utstyr som skal flyttast må merkast med barnet sitt namn. Det er skulen/barnehagen sitt ansvar å levere utstyret samla til den nye lærestaden.
- På den nye skulen/barnehagen bør éin person ha hovudansvar for barnet sine hjelpemiddel. Nye tilsette må få opplæring i bruken av hjelpemidla.
- Det er skulen/barnehagen sitt ansvar at hjelpemidla er oppbevarte forsvarleg, og at dei fungerer. Meld frå til kommunal teknikar dersom hjelpemidla ikkje fungerer som dei skal.
- Hugs å sjekke at utstyret dekker barnet sitt behov, og meld frå når det oppstår nye behov. Du kan melde frå til kontaktperson for hjelpemiddel i kommunen, til dømes fysioterapeut, ergoterapeut, Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT), PPT eller andre.
- Dersom barnet har eit hjelpemiddel det ikkje treng, skal hjelpemiddelet leverast tilbake. Ta kontakt med kommunen sin mottaksstad for hjelpemiddel, så leverer kommunen utstyret vidare til NAV Hjelpemiddelsentral.
Rørslehjelpemiddel
Viss barnet som skal byte barnehage eller skule har fastmonterte hjelpemiddel, til dømes veggmontert stellebord, spyl/tørk-toalett eller personløftar, skal skulen/barnehagen ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland så tidleg som mogleg.
Ta kontakt på e-post til nav.hot.vestland.bergen.radgivning@nav.no.
Når hjelpemiddel treng lading, er det skulen/barnehagen som har ansvar for at hjelpemidla vert ladde. Dette gjeld også i sommarferien.
Du kan lese meir om rørslehjelpemiddel på Kunnskapsbanken.net.
Kognisjons- og kommunikasjonshjelpemiddel
Når barn nyttar kommunikasjonshjelpemiddel, er det viktig at kompetanse vert overført til ny skule eller barnehage, slik at barnet kan fortsette å bruke språket sitt for å fungere i kvardagen. Gje opplæring til nytt personell som skal overta, og sørg for at det vert oppnemnt ein person med ansvar for oppfølginga på den nye lærestaden.
NAV Hjelpemiddelsentral held jamleg kurs i programvare for hjelpemiddel innan kognisjon og kommunikasjon.
Sjå kurs innan kognisjon og kommunikasjon i kurskalenderen vår på nav.no.
Synshjelpemiddel
Det er viktig å leggje best mogleg til rette med tanke på lys, lyd, kontrastar, taktil merking og ergonomi.
Du kan lese meir om synshjelpemiddel på Kunnskapsbanken.net.
Høyrselshjelpemiddel
Sjekkliste for høyrselshjelpemiddel:
- Fungerer alle elev-mikrofonane?
- Fungerer lærar-mikrofonane?
- Er batterikapasiteten på mikrofonane akseptabel?
- Er det behov for fleire eller færre mikrofonar på eksisterande anlegg?
- Er smartboard kopla til basen, og fungerer dette?
- Er sendaren for direktelyd kopla til, og fungerer dette?
- Er det andre lydutjamningsanlegg på skulen, eller får skulen nye elevar med behov for lydanlegg? Viss ja, vil anlegga kunne påverke kvarandre?
Du kan lese meir om høyrselshjelpemiddel på Kunnskapsbanken.net.
Tolk for høyrselshemma
Kommune og fylkeskommune har ansvar for kommunikasjon med og for høyrselshemma i skulen. Når eleven går over til arbeid eller høgare utdanning, vert ansvaret overført til NAV.
Når ein elev søkjer høgare utdanning, ynskjer vi å vite allereie om våren kva linje og studiestad eleven søkjer på, og prioritert rekkefølgje ved fleire val. Dette er viktig for å planlegge tolkeressursar.
Du finn informasjon om tolk og søknadsskjema på nav.no.
Støtte og opplæring
Hospitering og hjelp med lydanlegg
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen tilbyr hospitering, der vi er med på montering av lydutjamningsanlegg og gjev opplæring i justering og feilsøk på anlegget. Du kan hospitere lokalt på skulen din, eller på hjelpemiddelsentralen på Kokstad i Bergen.
Ta kontakt med oss på e-post dersom du er interessert i hospitering.
Behov for bistand
Ta kontakt med kommunal serviceteknikar i kommunen, dersom skulen/barnehagen treng bistand.
Dersom serviceteknikaren i kommunen ikkje får løyst problemet, kan de ta kontakt med teknisk ordrekontor på NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen.
Send e-post til nav.hot.vestland.bergen.teknisk@nav.no. Opplys om kva skule det gjeld og kven som er kontaktperson på skulen, og skriv namnet på den kommunale teknikaren som har vore på skulen.
Informasjon frå NAV Hjelpemiddelsentral
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen sendar kvar månad nyheitsbrev med informasjon om regelverk og rutinar, endringar i tenestetilbod, kurs og liknande.
For å få nyheitsbrevet må teikne deg som abonnent. Du kan når som helst avslutte abonnementet.
Registrer e-postadressa di på påmeldingssida, og få nyheitsbrevet på e-post.