Brukarutval ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen

Brukarmedverknad på systemnivå skal bidra til at tenestene frå Nav er tilpassa brukarane sine behov.

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har fleire brukarutval. Utvala skal arbeide med å identifisere og følgje opp viktige innsatsområde, og bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane.

Brukarutvala skal dekkje heile hjelpemiddelområdet og vere diskusjonsforum for viktige overordna sakar. Utvala skal kunne uttale seg i samband med planlegging, gjennomføring og evaluering av dei tenesteområda Nav hjelpemidler og tilrettelegging har ansvar for.

Områdeutvalet

Områdeutvalet er hjelpemiddelsentralen sitt forum for samarbeid med alle brukarorganisasjonane. Gjennom utvalet får brukarane høve til å gje råd og innspel, delta i drøftingar og bidra til at Nav kontinuerleg forbetrar tenestene sine.

Brukarutval for Nav bilsenter Vest-Norge

Dei fem bilsentera i Nav har kvar sine brukarutval. Utvala skal bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane på bilområdet.

Brukarutval på tolkeområdet i Vestland

Brukarutvalet på tolkeområdet skal bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til dei som brukar tolketenester.