Skjermingstillegg

Language

Skjermingstillegget er eit tillegg til alderspensjonen ved overgang frå uføretrygd for personar fødd i perioden 1944-1953. Tillegget gjev denne gruppa ei delvis skjerming mot levealdersjusteringa av alderspensjonen.

Personar fødde i perioden 1944-1951 får skjermingstillegget som eit tillegg til alderspensjonen dersom dei mottek uførepensjon når dei fyller 67 år og alderspensjon i månaden etter at dei fyller 67 år. Du får skjermingstillegg frå månaden etter du fyller 67 år. Om du er fødd i 1944, får du skjermingstillegg frå og med februar 2012.

Bakgrunn for innføringa av skjermingstillegg

Dersom levealderen i folket aukar, vil levealdersjustering føre til at alderspensjonen din ved uttak frå 67 år vil bli lågare enn for eldre årskull. Arbeidsføre kan kompensere for verknaden av levealdersjustering ved å arbeide lenger og utsetje uttaket av alderspensjon. Uføre personar har ikkje denne moglegheita, og skjermingstillegget er derfor innført for å gje denne gruppa ei delvis skjerming.

 Skjermingstillegget skal skjerme for om lag halvparten av levealdersjusteringa. Det tyder at uføre får ein samla alderspensjon som svarar til det ein arbeidsfør person med same opptening får dersom han eller ho vel å kompensere for halvparten av levealdersjusteringa ved å utsetje uttaket av alderspensjon nokre månader etter fylte 67 år. Les meir om levealdersjustering.

Berekning av skjermingstillegget

Skjermingstillegget blir berekna som ein prosentdel av den alderspensjonen du ville fått dersom du tok ut 100 prosent alderspensjon ved 67 år. Fordi effekten av levealdersjusteringa blir sterkare for kvart årskull, vil også prosentdelen auke for kvart årskull. Prosentsatsane for de aktuelle årskulla står i tabellen nedanfor.

 

Årskull:

1944

1945

1946

1947

1948

1949

1950

1951

1952

1953

Prosentsats i skjermingstillegget

0,25

0,50

0,75

1,00

1,25

1,51

1,76

2,01

2,27

2,52

 

Skjermingstillegget blir fastsett ved å multiplisere prosentsatsen med basispensjonen din delt på forholdstalet for årskullet ditt ved 67 år, det vil seie den alderspensjonen du ville fått dersom du tok ut 100 prosent alderspensjon ved 67 år. Basispensjonen er pensjonen din berekna før levealdersjusteringa blir gjennomført. Dersom du har pensjonsrett som attlevande ektefelle inkludert i pensjonen din, vil denne inngå i basispensjonen og i grunnlaget for skjermingstillegg.

Eksempel:

Anne, fødd i 1945, har ein basispensjon på 200 000. For personar fødde i 1945 er forholdstalet ved 67 år 1,010 og dersom Anne tok ut 100 prosent alderspensjon frå 67 år, ville ho fått 198 020 kroner. Skjermingstillegget for 1945-kullet er 0,50 prosent av dette. Det tyder at Anne får 990 kroner i skjermingstillegg per år.

Gradering, uttak og regulering

Skjermingstillegget blir justert med uføregraden ved 67 år. Dersom du er 50 prosent ufør, vil du få 50 prosent av fullt skjermingstillegg.

Skjermingstillegget er uavhengig av uttaksgraden på alderspensjonen. Det tyder at heile skjermingstillegget ditt blir utbetala uavhengig av kva uttaksgrad du har på alderspensjonen. Leis meir om fleksibelt uttak av alderspensjon. Skjermingstillegget blir heller ikkje omrekna om du endrar sivilstand.

Skjermingstillegget blir regulert på same måte som resten av alderspensjonen din. Les meir om regulering av alderspensjon

Mellombels ordning fram til og med 2019

Skjermingstillegget var opphavleg ei mellombels ordning som omfatta årskulla 1944-1951. Regjeringa har varsla at den endelege skjermingsordninga for uføre vil bli tilpassa til korleis det arbeidsføre delen av folket vel å tilpasse seg levealdersjusteringa. Det skal gjerast ei ny vurdering av skjermingsordningen, opphavleg planlagt gjennomført i 2018. Departementet tar no sikte på å gjera ei brei vurdering av alderspensjonen til uføre, slik at eit eventuelt lovforslag kan behandlast i Stortinget våren 2019. Frå januar 2019 og utover vil personar fødd i 1952 ha overgang frå uføretrygd til alderspensjon. Det er derfor vedtatt ei forlenging av skjermingsordningen, i vente på ei meir langsiktig løysing. Skjermingsordningen blir utvida til òg å omfatta uføre fødd i 1952 og 1953 frå 1. januar 2019.