Honnørkort
SLIK GJER DU DET
|Oppdatert 16. september 2023
Kort om honnørkort
Med honnørkort får du redusert billettpris på kollektive transportmiddel. Kortet gir også rett til honnørrabatt for ektefelle eller registrert partnar som reiser saman med deg, uansett alder.
Innhold
Kort om honnørkort
Med honnørkort får du redusert billettpris på kollektive transportmiddel. Kortet gir også rett til honnørrabatt for ektefelle eller registrert partnar som reiser saman med deg, uansett alder.
Får du uføretrygd frå NAV?
Viss du får minst 50 prosent uføretrygd frå NAV, vil du automatisk få tilsendt honnørkort i samband med vedtaket om uføretrygd. Dette kjem i posten i tillegg til elektronisk vedtak på nav.no.
Får du uføretrygd frå eit anna EØS-land?
Viss du kan dokumentere at du får varig offentleg uføretrygd over 50 prosent frå eit annet EØS-land, kan du søkje NAV om å få honnørkort.
Viss du har norsk fødselsnummer eller D-nummer:
Du kan også ringje oss på telefon 55 55 33 33.
Er du ein ufør flyktning med supplerande stønad?
Viss du får supplerande stønad som ufør flyktning, vil NAV sende deg honnørkortet utan at du treng å be om det.
Er du over 67 år?
Personar over 67 år får rabatt ved å vise vanleg legitimasjonskort og treng difor ikkje honnørkort. Viss du pensjonerer deg før du er 67 år, vil du først ha rett til honnørrabatt når du blir 67 år.
Manglar honnørkortet eller har du mista det?
Viss honnørkortet manglar når du får vedtaket om uføretrygd frå NAV, eller du har mista eller øydelagt honnørkortet, kan du kontakte oss.
Du kan også ringje oss på telefon 55 55 33 33.
Er du svaksynt, blind eller døvblind?
Svaksynte og blinde kan få honnørkort. Ta kontakt med Norges Blindeforbund.
Døvblinde kan få eige kort som gir same rabatt som honnørkort. Ta kontakt med Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.