Slik gjer du det — For ansatte i kommunen eller fylkeskommunen

Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontoret

Skal bidra til å utvikle og betre dei sosiale tenestene i Nav-kontoret.

Kven kan søkje om tilskot?

Det er berre Nav-kontor / kommunar som har motteke midlar i 2025 kan søkje om midlar for 2026. Det kan søkjast om midlar til vidareføring av pågåande prosjekt.

Frist for å søkje tilskot

Søknadsfristen er 1. februar 2026.

Kva er føremålet med tilskotsordninga?

Føremålet er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene og tiltaka i kommunane etter sosialtenestelova. 

Sosialtenestelova har som formål å betre levekåra for dei vanskelegstilte, og skal

  • bidra til sosial og økonomisk tryggleik slik at den enkelte får høve til å leve og bu sjølvstendig, fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
  • bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
  • bidra til likeverd, likestilling og førebyggje sosiale problem.

Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer, skal innbyggjarane i kommunen oppleve auka kvalitet i tenestene og ei betring av levekåra.

Det overordna målet med tilskotsordninga er å skape eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behovet til brukarane.

Det blir ikkje gitt tilskot til søknader som berre beskriv kapasitetsauke i tenesta.

Målgruppe for tiltaka

Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.

Kor stort er tilskotet?

Det blir gitt inntil 750 000 kroner per 100 prosent stilling.

Rapportering

Fristen for status- og rekneskapsrapportering er 1. februar 2027.

Tidsperiode for tilskot

Tilskot blir primært gitt for eitt år frå oppstartsdato, men det kan givast i inntil 36  månader til same tiltak.

Søknaden

Kontakt statsforvaltaren i fylket ditt viss du har spørsmål eller treng rettleiing. Utfylt søknad blir signert og sendt til statsforvaltaren.

Søk tilskot

Tips til kontor som ønskjer å søkje

Arbeids- og velferdsdirektoratet tilbyr ei skreddarsydd søknadsstøtte som kan bidra til at Nav-kontor både utformar gode søknader og får eit solid grunnlag for utviklingsarbeidet - både ved oppstart og undervegs i tilskotsperioden.

Søknadsstøtta er tilgjengeleg både på tilskotssida på Navet og i Mural.

Oppdatert 07.01.2026