Slik gjer du det — For andre samarbeidspartnarar
Motta bestilling og sende faktura til Nav
Leverandører av varer og tenester skal sende elektronisk faktura på EHF-format til Nav. Vi bruker Vieri som bestillingsløysing når vi bestiller varer og tenester til eige bruk.
Korleis sender du elektronisk faktura til Nav?
Faktura til Nav skal vere i EHF-format (standardformat for elektronisk faktura).
Elektronisk fakturaadresse til Arbeids- og velferdsetaten er vårt org.nr. 889640782.
For å kunne betale til rett tid, er det viktig at faktura blir merka korrekt:
- Referanse til den som bestill. Både referanse og org.nr. er nødvendig for å sende faktura til mottakar. Gyldig format for tilsett i Nav er ein bokstav og seks siffer (eks. A123456).
- Bestillingsnummer. Har Nav oppgitt bestillingsnummer, skal det førast på faktura og vedlegg.
- Kreditnota. Ved kreditnota ber vi om referanse til fakturanummer.
- Vedlegg. Vedlegg til faktura må vere i PDF-format.
- Betalingsfrist. Nav ber om 30 dagar betalingsfrist.
Manglar ved fakturaen kan medføre for sein betaling.
Er du tiltaksarrangør eller -verksemd?
Vi kan førebels ikkje motta tiltaksfaktura som EHF.
Som hovudregel skal eit skjema for refusjonskrav gje grunnlag for handsaming av refusjonsutbetaling for arbeidsmarkedstiltak.
Skriv ut skjemaet for refusjonskrav, og send det til oss i posten. Adressa som skjemaet skal bli sendt til står på fyrstesida som høyrer til skjemaet.
Når du ikkje får sendt EHF-faktura
Dersom ikkje rekneskapssystemet ditt eller rekneskapsføraren din kan levere faktura på EHF, kan du bruke nettbasert fakturaportal. Der kan du registrere og sende faktura på rett måte.
Opprett brukar med e-postadresse og passord i eye-share sin fakturaportal. Her finn du rettleiing i korleis du loggar deg inn og sender faktura via eye-share fakturaportal (e-læring i Easy Generator).
Informasjon til speditør ved tolldeklarering
Nav opplev feil ved tolldeklarering av varer, der speditøren feilaktig nyttar organisasjonsnummer som høyrer til Nav. Nav får ofte varer levert direkte til eiga adresse, men bestilling er oftast via norsk importør. Det er da importøren sitt organisasjonsnummer speditøren skal nytte ved tolldeklarering.
I tilfelle der Nav har kjøpt direkte frå utlandet, skal det bli tolldeklarert på Arbeids- og velferdsetatens org.nr. 889640782
Nav ber om at det alltid blir sendt kopi av tolldeklarasjonen til regnskap.drift@nav.no.
Kontaktinformasjon ved faktura
Samarbeidspartnarar kan kontakte oss på nav.okonomiteneste@nav.no eller ringe vår brukarstøtte på telefon 400 07 760.
Slik ønskjer vi å bestille frå våre leverandørar
Nav har elektronisk bestillingsløysing (Vieri), og ønskjer at bestillingar skal starte der. Dette kan gjerast på ulike måtar:
- Leverandør etablerer kopling («punch out») til eigen nettbutikk/kundeportal for å tilby varer og tenester frå Nav si bestillingsløysing. Bestillinga startar og sluttar i bestillingsløysinga til Nav, men varer og tenester blir plukka i leverandør si løysing.
- Leverandør gjer tilgjengeleg ein EHF-varekatalog som blir overført til Nav si bestillingsløysing.
- Nav opprettar katalog etter avtale med leverandøren.
Nav kan i tillegg starte bestillingsprosessen ved å sende ein førespurnad om vare/teneste via bestillingsløysinga.
Leverandør må kunne ta imot ordre frå Nav med Arbeid- og velferdsetaten sitt juridiske organisasjonsnummer, 889640782.
Oppdatert 06.08.2025