Publisert 24. april 2020|Oppdatert 2. oktober 2020
I Vestland utbetalte NAV til saman vel 51 milliardar kroner i statlege ytingar i 2019, berre forbigått av Viken som er det klart største fylket i landet.
På landsnivå utgjorde utbetalingane tett oppunder 447 milliardar kroner. Vestland sin del av dette utgjer 11,4 prosent.
Om lag halvparten av innbyggarane i landet mottek ei yting frå NAV minst ein gong i året. Alderspensjon er den klart største einskildytinga med 26,9 milliardar utbetalt, og utgjer om lag 53 prosent av ytingane i fylket vårt. På andreplass kjem uføretrygd med 9,4 milliardar kroner.
– NAV forvaltar om lag ein tredel av statsbudsjettet, og denne oversikten syner utviklinga gjennom 2019 der vi noterer ein auke på tre prosent jamført landet med fire prosent, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Forventar heilt andre tal i 2020
I fjor betalte NAV ut 1,1 milliardar i dagpengar til heilt ledige og permitterte i Vestland, medan beløpet til sjukepengar var over fire gongar større med 4,8 milliardar.
– Utviklinga på arbeidsmarknaden var svært positiv gjennom 2019 i Vestland, men dette bildet har endra seg fullstendig den siste månaden. I tillegg til pandemieffekten generelt er eg svært uroa for oljeprisutviklinga, konsekvensane for aktiviteten på sokkelen og ringverknader til den viktige leverandørindustrien, særleg sør i fylket, seier Bogsnes.
Som det går fram av vedlegget er det store skilnader mellom fylka når ein bryt tala ned på «per innbyggar». Berre Oslo (kr 66 828) og Rogaland (kr 76 047) har lågare tal enn Vestland med kroner 80 574,- per innbyggar. I den andre enden finn vi Nordland med kroner 96 509,- per innbyggar.
Store skilnadar mellom kommunar
Skilnadane vert endå større når vi ser på kommunetala. Sogndal (kr 73 673) og Sunnfjord (kr 74 847) har lågast kronebeløp per innbyggar, medan Tysnes (kr 98 654) og Fedje (kr 98 644) har lågast.
– Dei viktigaste årsakene til skilnad mellom kommunane er alderssamansetjing, ettersom pensjon er inne i desse tala, og næringsstruktur som mellom anna påverkar uføregrad i folkesetnaden sterkt, seier Bogsnes.
Utbetaling av sosialhjelp utgjorde 741 millionar kroner. Dette er ein auke på 3 prosent frå 2018. Dette utgjer i gjennomsnitt kroner 1169,- i gjennomsnitt per innbyggar i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096