Publisert 3. juni 2022|Oppdatert 3. juni 2022
5 239 vestlendingar er heilt arbeidsledige, noko som utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken.
Vi må tilbake til desember 2008 for å finne lågare arbeidsløyse i Vestland.
Talet på ledige går ned i alle aldersgrupper og alle bransjar, men det er særskilt i aldersgruppa 30-39 år og i reiselivet at arbeidsløysa går mest ned.
Det var i mai over 2 000 fleire ledige stillingar enn det er heilt arbeidsledige i fylket. Fleire manglar riktig kompetanse for å fylle dei ledige jobbane og behovet for tilpassa opplæring for å kvalifisere folk inn i dei ledige jobbane er stort.
Sjølv om moglegheitene for å få seg jobb er svært gode no, er direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland bekymra for dei unge arbeidssøkarane, som gjerne manglar arbeidserfaring. Ho oppmodar dei unge til å nytte høvet til å få arbeidserfaring og ny kompetanse gjennom sommarjobbar.
Kan vere starten på karrieren
Ferien nærmar seg med stormskritt, men det er framleis mogleg å skaffe seg sommarjobb. Fredag var det utlyst over 300 sommarjobbar i Vestland på arbeidsplassen.no.
– For unge arbeidssøkarar med liten eller ingen arbeidserfaring, kan sommarjobb vere ein svært viktig start på ein arbeidskarriere. I ein sommarjobb får ein høve til å prøve seg i yrke ein er nysgjerrig på, og få nyttig arbeidserfaring. Mange får også halde fram som ekstrahjelp eller tilsett etter sommaren, seier Bogsnes.
I fjor oppretta NAV eit nytt tilbod til dei som har behov for hjelp frå NAV til å kome i arbeid. Gjennom tilskot til sommarjobb får arbeidsgivarar støtte frå NAV for å tilsette unge arbeidssøkarar i ei midlertidig stilling. Den som blir tilsett skal utføre vanlege arbeidsoppgåver på arbeidsplassen.
– Unge mellom 16 og 29 år kan ta kontakt med sitt lokale NAV-kontor for å ein vurdering om dei kan ha nytte av tiltaket, seier Bogsnes.
Nesten alle kommunar har under 2 prosent arbeidsløyse
Det er flest ledige jobbar innan helse, pleie og omsorg (1 599), butikk- og salsarbeid (900) og bygg og anlegg (868), medan det er færrast utlyste stillingar innan jordbruk, skogbruk og fiske (46) og barne- og ungdomsarbeid (159).
I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (3,7 %), Høyanger (2,2 %), Eidfjord og Øygarden (begge 2,0 %). Heile 39 av dei 43 kommunane i fylket har under 2 prosent arbeidsløyse.
Arbeidsløysa i heile Noreg ligg også på 1,6 prosent.
Arbeidsmarknaden i Vestland, mai 2022
| Mai 2022 | Mai 2021 |
Heilt ledige, Vestland | 5 239 1,6 % av arbeidsstyrken | 9 925 2,9 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 2 836 1,8 % av arbeidsstyrken | 5 645 3,6 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 960 | 6 339 |
Ledige under 30 år | 1 392 | 2 568 |
Permitterte, heilt eller delvis | 653 | 6 587 |
Ledige stillingar | 7 593 | 6 405 |
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96