Publisert 18. mai 2022
Næringslivet reknar med å tilsette fleire, investere meir og levere betre resultat enn på fleire år, viser bedriftsundersøkinga til NAV. Utfordringa blir å skaffe nok arbeidskraft, spesielt til helsesektoren, industrien og byggebransjen.
Alle pilane peikar oppover i undersøkinga, som blei gjennomført i februar og mars i år. Over 900 verksemder i Vestland fylke svarte på kva forventningar dei har til 2022. Samla sett er optimismen nesten tilbake på same nivå som før pandemien.
– Undersøkinga tyder på at næringslivet i Vestland for ein stor del har kome over krisa og ser lyst på framtida. No svarar berre 2 prosent at dei reknar med å permittere eller seie opp tilsette, seier assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen i NAV Vestland.
Helse manglar flest folk
Bedrifter med tilknyting til oljesektoren er klart meir optimistiske enn bedrifter i andre bransjar. Også verksemder innanfor kommunikasjon og reiseliv melder om positive forventningar. Helsesektoren og skulesektoren er derimot minst optimistiske.
– Ei viktig årsak er nok at dei har problem med å rekruttere nok arbeidskraft. Helsevesenet toppar lista over yrke som manglar fagfolk, seier Hysing-Olsen.
Berre i Vestland manglar rundt 1000 sjukepleiarar og andre fagfolk innan helse. Totalt manglar bedriftene om lag 5 800 arbeidstakarar.
Fagbrev er ettertrakta
Den landsdekkjande undersøkinga frå NAV er den største i sitt slag. Bedriftene blir spurt om forventningane sine til marknadsutsikter, driftsresultat, omsetning, investeringar, rekruttering og eksport.
Prosentdelen som svarar at dei har rekrutteringsproblem, har auka frå 20 prosent i fjor til 29 prosent i år. Nesten halvparten av verksemdene treng folk med fagbrev, medan fire av ti treng tilsette med høgare utdanning. Under to av ti har ledige jobbar til ufaglærte.
Les meir i NAV si bedriftsundersøking for 2022.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, assisterande direktør i NAV Vestland, mobil 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09