På ein del hjelpemiddel kan du sjølv sjekke og rette feil. Sjekk denne lista før du bestiller reparasjon.
Dekket på rullestolen min har punktert
Kommunen foretar byte av dekk. Ta kontakt med ergoterapeut eller servicepersonell i din heimkommune.
Trappeheis Flow 2 blinkar raudt på armstøa
Prøv å byte batteri i armstøa. Batteritype: 2 stk. LR14 (C).
EPI alarm Emfit løyser ut, utan at brukaren er til stades
Prøv å byte batteri i kontrollboksen. Batteritype: 2 stk. AA batteri.
Rullestolen går med låg fart
Sjekk at setet er heilt nede.
Flexiblink lampe (evt isbjørn) blinkar heile tida
Skift batteri i sendaren. Symbolet som blinkar indikerar kva for batteri som må bytast. Test dørklokke eller telefon etter batteribyte. Batteritype: 1 stk. 9V batteri.
Personløftaren Molift (frittståande) verkar ikkje
Sjekk at søylen på heisen er montert korrekt. Søylen må vere heilt på plass for at personløftaren skal virke. Ta eventuelt kontakt med ergoterapeut eller servicepersonell for å få retta feil.
Pipesignal i sengen Opus
Reset senga, sjå brukarmanualen.
Pipesignal i løftestolen Hepro
Reset stolen, sjå brukermanualen.
Madrasspumpa går utan stans
Sjekk at CPR ikkje er open eller lekker. CPR er som regel ein raud ventil i hjørnet av madrassen. Sjekk slangene.
Rullestolen min blinkar og vil ikkje gå
Sjekk at stolen ikkje er frikopla, sjå brukarmanualen.