Kontaktlinser som hjelpemiddel frå folketrygda
Dersom briller ikkje gir tilstrekkeleg betring i synsfunksjonen, kan kontaktliser vurderast.
Det må alltid sendast søknad med grunngjeving når nokon treng kontaktlinser som hjelpemiddel, og alle relevante opplysningar må leggjast ved. Alle vilkåra i folketrygdlova må vere oppfylte når det vert gitt stønad til eit hjelpemiddel. Det må visast til at spesiallinsa ein søkjer om er nødvendig, og at det er den rimelegaste hensiktsmessige/formålstenlege løysinga.
Regelverk
Nøkkelsetningar frå gjeldande regelverk om kontaktlinser som hjelpemiddel:
«Det er vanlig i befolkningen å ha utgifter til briller og kontaktlinser. Det må ved søknad derfor vurderes om brillen eller kontaktlinsen som det søkes på, utgjør en utgift som det er vanlig for andre i befolkningen å ha.
Utgifter til briller og kontaktlinser som det er vanlig å anskaffe for å korrigere for brytningsfeil som nærsynthet, langsynthet og skjeve hornhinner (astigmatisme) gis det ikke stønad til. Dette gjelder selv om sykdom, skade eller lyte er årsaken til brytningsfeilen."
"Briller skal alltid vurderes først som korreksjonsform. Dersom det dokumenteres at kontaktlinser gir vesentlig bedre visus og/eller synsfunksjon enn briller, kan det gis stønad til kontaktlinser."
"Spesialkontaktlinser kan gis dersom det fra sakkyndig dokumenteres at behovet ikke kan dekkes tilstrekkelig med briller eller standard myke kontaktlinser.»
Du finn utfyllande regelverk på lovdata.no.
Søknad
Søknadsskjema for synshjelpemiddel ligg på nav.no.
Dette er viktig å hugse når du søker:
- Personen må sjølv signere på søknadsskjemaet, eventuelt den som personen har gitt fullmakt.
- Epikrise frå augelege skal ligge ved søknaden, som dokumentasjon på diagnose.
- Fagperson må dokumentere at behovet ikkje kan avhjelpast tilstrekkeleg med briller eller standard linser.
- Fagperson må beskrive kva type kontaktlinser søknaden gjeld (halvtårs-/årslinser, harde/mjuke, sklerale/semisklerale).
- Styrke, parameter og kor lenge ein reknar at linsene skal vare må komme tydeleg fram.
- Spesifisert pristilbod frå optikar må ligge ved søknaden, NAV sitt pristilbodsskjema må fyllast ut.
Byte av produkt
For å kunne søke om byte/gjenanskaffing av kontaktlinser som hjelpemiddel, må ein ha gyldig vedtak på linser datert etter 22. februar 2022. Personar som ikkje har det, må sende søknad med grunngjeving, uavhengig av om dei har fått dekt kontaktlinser tidlegare eller ikkje.
Dersom personen har gyldig vedtak datert etter 22. februar 2022, kan ein følgje rutine for byte/gjenanskaffing. Ved behov for byte/gjenanskaffing av same type kontaktlinser, i samsvar med forventa intervall for byte, er det nok med byteskjema og pristilbod. Då er det ikkje nødvendig med ny søknad. Skjemaet skal sendast til NAV skanning saman med førsteside. Bruk skjema/førsteside for byte av hjelpemiddel, skjema 10-07.31.
Skjema for byte av hjelpemiddel ligg på nav.no.
Dersom det er behov for nye kontaktlinser utover venta byteinterval for gjeldande kontaktlinse, må det sendast ny søknad.
Dersom det er behov for endring i type kontaktlinser, må det sendast ny søknad.
Meirkostnadar ved tilpassing av kontaktlinser
Utgifter til ordinær synsundersøking, tilpassing eller kontroll, vert ikkje dekka. Utgifter til ekstra tidsbruk kan dekkast etter vilkåra i regelverket:
"Ordinær synsundersøkelse, kontaktlinsetilpasning og kontaktlinsekontroll dekkes ikke. Utgifter til ekstra tidsbruk ved nytilpasning og retilpasning av stønadsberettigede kontaktlinser kan dekkes med en sats pr time på 1200 kr. Det skal i søknaden spesifiseres reelt medgått tidsbruk, hva som inngår i tiden og hvor mye søkeren selv har betalt for synsundersøkelse, kontaktlinsetilpasning og kontaktlinsekontroll.