Synshjelpemiddel
Har du varig nedsett syn, kan du ha rett til å låne svaksynthjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral. Vanlege hjelpemiddel for svaksynte er til dømes lupe, lupelampe og lese-tv.
For å få vurdert om du treng svaksynthjelpemiddel, må du kontakte synskontakt eller synspedagog i heimkommunen din. Dersom du er busett i Hordaland kan du kontakte Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT).
Her finn du kontaktinformasjon for Syns- og audiopedagogisk teneste.
Dersom du bruker briller og/eller linser og lurar på om dette kan dekkast som synshjelpemiddel, kan du kontakte optikaren din for å få hjelp.
For å få stønad til hjelpemiddel må vilkåra i folketrygdlova vere oppfylte.
Gå til lovdata for å lese gjeldande regelverk for briller og linser.
Briller som hjelpemiddel frå folketrygda
Det må alltid sendast søknad med grunngjeving når nokon treng briller som hjelpemiddel. Det vert ikkje gitt stønad til briller som det er vanleg for andre i befolkninga å ha, uavhengig av sjukdom, skade eller lyte.
Les om briller som hjelpemiddel frå folketrygda.
Filterbriller som hjelpemiddel frå folketrygda
Personar som er unormalt sterkt lyskjenslege eller har sterkt nedsett kontrastsyn, kan søkje om stønad til filterbriller eller filterkontaktlinser frå folketrygda. Fagperson må dokumentere at det er sjukdom, skade eller lyte som påverkar synsapparatet og utløyser behovet for filterbriller. Det er ein føresetnad for stønad at filterbrillene bidrar til at søkjaren kan nyttiggjere seg synsresten sin.
Les om filterbriller som hjelpemiddel frå folketrygda.
Kontaktlinser som hjelpemiddel frå folketrygda
Briller skal alltid vurderast først. Dersom briller ikkje gir tilstrekkeleg betring i synsfunksjonen, kan kontaktlinser vurderast. For å søkje om stønad til kontaktlinser må det dokumenterast at ein oppnår vesentleg betre visus og/eller synsfunksjon enn med briller. Det vert ikkje gitt stønad til kontaktlinser som det er vanleg i befolkninga å ha, uavhengig av sjukdom, skade eller lyte.