Filterbriller som hjelpemiddel frå folketrygda
Personar som er sterkt unormalt lyskjenslege eller har sterkt redusert kontrastsyn grunna sjukdom eller skade i auget, kan søkje om stønad til filterbriller eller filterkontaktlinser frå folketrygda.
Det må alltid sendast søknad med grunngjeving når nokon treng filterbriller som hjelpemiddel, og alle relevante opplysningar må leggjast ved. Alle vilkåra i folketrygdlova må vere oppfylte når det vert gitt stønad til eit hjelpemiddel. Det er ikkje mogeleg å berre visa til tidlegare innvilga filterbriller.
Regelverk
Nøkkelsetningar frå gjeldande regelverk om filterbriller som hjelpemiddel:
«Krav for stønad til filtre er at det aktuelle filteret er spesielt egnet til å avhjelpe den reduserte synsfunksjonen, og at typen filter ikke er vanlig å anskaffe for personer uten nedsatt syn.
Lyse filter som for eksempel 400 nm og ND20, solbriller (med eller uten polarisering) og vanlige fargeskiftende brilleglass regnes ikke som filterbriller i denne sammenhengen
Lyse filter, vanlige solbriller av god kvalitet (med eller uten polarisering) og vanlig fargeskiftende brilleglass må være utprøvd før det prøves ut filterbriller/filterkontaktlinser. Dersom disse løsningene dekker behovet, dekkes ikke filterbriller/filterkontaktlinser.
Det kan gis stønad til filterbriller/filterkontaktlinser dersom sykdom/skade i øyet eller synsbanen har ført til unormal sterk grad av lysømfintlighet eller sterkt nedsatt kontrastsyn som gir synsnedsettende blending i form av nedsatt visus, kontrastsensitivitet eller adaptasjonsevne (tilvenning til ulike lysforhold). Dette gjelder også ved sterk lysømfintlighet ved tørre øyne. Funksjonsbedringen ved bruk av filterbriller/filterkontaktlinser må dokumenteres.»
«Det er en forutsetning for stønad at filterbriller bidrar til at bruker kan nyttiggjøre seg sin synsrest.
Valg av filterbrille skal være av rimeligste hensiktsmessige løsning. Det skal for eksempel alltid vurderes om fitover kan dekke behovet i tilstrekkelig grad.
Flerstyrke filterbriller kan unntaksvis dekkes. Det må dokumenteres et medisinsk og funksjonsmessig behov for denne løsningen.
Filterbriller som forebygger og/eller behandler sykdom eller symptomer ved sykdom dekkes ikke. Det gis for eksempel ikke stønad til filterbriller for å forebygge migreneanfall og for å dempe plager som følger av et slikt anfall eller for å avhjelpe ubehagsblending ved tørre øyne. I slike sammenhenger er filterbrillene å regne som et hjelpemiddel for behandling.»
Du finn utfyllande regelverk på lovdata.no.
Kva er filterbriller?
Lov om folketrygd definerer kva NAV kan gi stønad til som hjelpemiddel. Lys består av ulike bølgelengder som vert målte i nanometer (nm). Eit brilleglas må blokkere alt lys under minimum 450 nm for å vere godkjend som hjelpemiddel.
Kva vil det seie å ha sterkt nedsett kontrastsyn?
Å ha nedsett kontrastsyn betyr å sjå dårlegare enn normalt når kontrastane i omgivnadene er svake. Ved sterkt nedsett kontrastsyn må sakkyndig vise til kontrastsynstest som dokumenterer dette. Det må dokumenterast betring av kontrastsynet ved bruk av filter.
Hjelpemiddel eller handelsvare?
Det vert som hovudregel ikkje gitt stønad til ordinært utstyr eller handelsvare. Eit produkt vert rekna som ordinært når det er vanleg å skaffe blant befolkninga, og meint for allmenn bruk.
Fargeskiftande glas, lyse filter, eller solbriller med styrke er eksempel på produkt som er rekna som vanleg handelsvare. Desse vert ikkje gitt som hjelpemiddel.
Det er til kvar tid gjeldande regelverk som avgjer når folketrygda kan gi stønad til filterbriller. Dermed vil det kunne endre seg over tid, kva som blir rekna som hjelpemiddel etter loven.
Kan behovet dekkast på annan måte?
Ein person som vil søke om filterbriller, må først prøve og vurdere produkt som er i vanleg handel.
Det kan vere solbriller med ulik grad av mørkheit, lyse filter, polariserte solbriller eller solbriller med styrke, fargeskiftande glas eller suncover som skal sitte utanpå eigne briller. Ein må også vurdere/prøve om caps eller skugge i tillegg gir tilstrekkeleg hjelp.
Fagperson (optikar, augelege eller synspedagog) må dokumentere kva for produkt av vanleg handelsvare som er prøvd ut, før det vert sendt søknad om filterbriller.
Nødvendig og hensiktsmessig løysing
Folketrygdlova §10-6 seier: «Når et medlem har fått sin funksjonsevne i dagliglivet vesentlig og varig nedsatt på grunn av sykdom, skade eller lyte, ytes det stønad etter § 10-7. Stønaden ytes i forbindelse med tiltak som er nødvendige og hensiktsmessige for å bedre medlemmets funksjonsevne i dagliglivet. (...)»
Omgrepet «nødvendig» inneber at det skal vurderast om hjelpemiddelet er medisinsk nødvendig, og om behovet kan løysast på rimelegare måte. Alternativet kan vere eit anna og rimelegare tiltak, men det kan òg vere tiltak utanom folketrygda. Stønaden dekkjer ikkje optimal løysing og er avgrensa til det som er tilstrekkeleg for å betre funksjonsevna.
Med «hensiktsmessig» er det meint at løysinga skal fungere slik at personen kan gjere seg nytte av den, og at den avhjelper vansken som personen har søkt om hjelp for.
Hjelpemiddel, ikkje behandling
Folketrygdlova definerer eit hjelpemiddel som eit produkt som skal avhjelpe, erstatte eller kompensere direkte for ein svikt i funksjon.
Dersom ein person er sterkt unormalt lyskjensleg grunna skade eller sjukdom i auget eller synsbana, kan personen ha rett på stønad til filterbriller. Fagperson må gjere ei individuell vurdering og beskrive personen sin funksjon vurdert opp mot behovet for filterbiller som hjelpemiddel.
Folketrygdlova kan ikkje gi stønad til filterbriller som hjelpemiddel når formålet er å førebygge, behandle eller lindre. Det gis dermed ikkje stønad til filterbriller dersom desse skal redusere anfall eller dempe symptom på sjukdom. Dette gjeld òg når filterbrillene indirekte vil kunne betre funksjonen.
Søknad
Når ein person fyller vilkåra for filterbriller frå folketrygda, og behovet ikkje lar seg dekkje med vanleg handelsvare, kan det sendast søknad til NAV.
Søknadsskjema for synshjelpemiddel ligg på nav.no.
Søknadsskjemaet må signerast av personen som skal bruke hjelpemiddlet eller av godkjend verje, føresett eller andre som har fått skriftleg fullmakt frå personen.
Når du fyller ut søknaden
Fiberbrilla som vert valt skal vere den rimelegaste formålstenlege løysninga. Fitover skal alltid vurderast først. Dersom fitover ikkje avhjelper funksjonstapet tilstrekkeleg, kan det søkast om filterglas med styrke. Då må fagperson beskrive og grunngje kvifor fitover ikkje er tilstrekkeleg.
Det må komme tydleg fram kva type brille søknaden gjeld (fitover, avstandsbrille, lesebrille og så vidare), samt filtertype. Viss det vert søkt om meir enn eitt par briller, må fagperson i saka dokumentere at dette er nødvendig. Opplys om når og i kva situasjonar dei ulike brillene skal brukast.
Viss det trengst fleirstyrkebriller, må det dokumenterast særskild grunn for dette. Fleirstyrkebriller vert berre dekt unntaksvis. Fleirstyrke- og lesebriller til bruk ute, vert normalt ikkje gitt. Søkjaren kan for eiga rekning velje ei dyrare løysing som dekker same behov.
Dersom behovet for ny brille/filterbrille skuldast endring i synet, må ny brille/filterbrille gi ei vesentleg betring samanlikna med dei gamle brillene/filterbrillene.
Arbeidsgjevar har ansvar for å dekkje databriller til bruk på arbeidsplassen. Dette gjeld også dersom det er behov for filter i databrilla.
Vedlegg til søknaden
I søknaden må det leggjast ved:
- epikrise frå augelege, som dokumentasjon på diagnose
- dokumentasjon frå fagperson som er ansvarleg for utprøving av filteret det søkjast om
- pristilbod frå optikar
Pristilbodet må vere spesifisert. Pristilbodet skal gjelde den rimeligaste og mest hensiktsmessige løysninga. Dersom det søkjast om filterbrille med styrke skal tilbodet vise individuelle beløp for innfatning, glas og brilletilpassing. Glastype, glasleverandør, overflatebehandling og indeks må gå tydeleg fram.