Stor mangel på arbeidskraft

I NAV Vestland si årlege bedriftsundersøking har over 900 verksemder i Hordaland og Sogn og Fjordane svart på spørsmål som mellom anna handlar om etterspurnad av arbeidskraft og eventuelle vanskar med å skaffe nye medarbeidarar med rett kompetanse.

– Undersøkinga syner at det er ein stor auke i mangel på arbeidskraft, både i Hordaland og Sogn og Fjordane, og i landet elles, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

Undersøkinga nasjonalt viser at mangelen på arbeidskraft i norske verksemder til saman utgjer nesten 60.000 personar, ein auke på 15.000 på eitt år. I Vestland er mangelen på arbeidskraft rekna til om lag 6.500 personar, ein auke på heile 2.500 på eitt år.

– Gode sjansar til å få jobb

Det er størst mangel på folk innanfor tenesteyting, berekna til 1900 personar. Det er også stor mangel innan bygg og anlegg, berekna til 1600 personar. Den tredje største gruppa det er mangel på er innan helse- og sosialteneste. Her manglar 1250 personar.

– Kombinasjonen svært låg arbeidsløyse og optimisme i marknaden kan by på utfordringar med å skaffe kompetent arbeidskraft. Samstundes veit vi at mange som ønskjer å ta del i arbeidslivet, står utanfor. I denne situasjonen må bedriftene i større grad leite etter alternative måtar å rekruttere på. Statistikkane våre syner at mange med god og relevant kompetanse både vil og kan bidra dersom arbeidsplassen legg til rette eller reduserer stillingsprosenten litt, seier Bogsnes.

Auka etterspørsel etter fagutdanna

Direktøren merkar seg den auka etterspørselen etter fagarbeidarar.

– Behovet for arbeidskraft med høgskule/universitet og fagutdanning er på omtrent same nivå, medan etterspørselen etter ufaglærte er betydeleg mindre. Dei seinaste åra har vi sett at behovet for arbeidskraft med høgskule/universitet har vore stabilt, medan behovet for dei med fagutdanning er aukande. Det kan med andre ord vere lurt å satse på ei fagutdanning, seier Bogsnes.

Samlege fylke venter sysselsettingsvekst i 2019, men verksemdene i Vestland og Innlandet relativt sett minst optimistiske når det kjem til forventa tal på tilsette.

– Dette er truleg meir eit resultat av at bedriftene våre over tid har hatt store rekrutteringsproblem og såleis er meir nøkterne i sine vekstoverslag enn dei kunne ønskje, seier Bogsnes.

Les meir i NAV si bedriftsundersøking for 2019.

For kommentar til meldinga, kontakt: 

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90521 059
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96