Publisert 5. desember 2019|Oppdatert 5. desember 2019
Per 3. kvartal i 2019 var det samla legemeldte sjukefråværet i Hordaland og Sogn og Fjordane 4,2 prosent.
Sjukefråværet er litt høgare i Hordaland med 4,2 prosent samanlikna med Sogn og Fjordane som har 4,1 prosent. På landsstatistikken ligg Vestland godt plassert med Sogn og Fjordane på 3. og Hordaland på 5. plass. Sjukefråværet i Norge er no 5,9 prosent, som er godt over nivået i Vestland.
– Eg vert likevel uroa når vi også dette kvartalet har ein auke i sjukefråværet i Sogn og Fjordane, denne gong på 5,8 prosent, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om sjukefråværet i dei to fylka. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.
– Når vi har eit så lågt sjukefråvær i Vestland samla, er det svært viktig at vi målrettar innsatsen mot bransjar og bedrifter som framleis har eit for høgt sjukefråvær slik den nye IA-avtalen legg opp til, seier Bogsnes. Likevel gjekk det om lag 760 000 dagsverk tapt i sjukefråvær i Vestland i 3. kvartal.
Små endringar i diagnosebildet
Muskel- og skjelettlidingar utgjer om lag 40 prosent av sjukefråværet med psykiske lidingar på ein god 2. plass med vel 20 prosent.
– Med eit slikt diagnosebilde som utgjer vel 60 prosent av fråværet, ønskjer NAV eit endå tettare samarbeid med helsesektoren for å hjelpe denne pasientgruppa raskare tilbake til arbeid, seier Bogsnes.
– Forsking og forsøk viser at deltaking i arbeid parallelt med behandling har langt større innverknad på helsetilstanden enn vi tidlegare har vore klar over, legg Bogsnes til.
Litt om bransjar og kommunar
Når ein ser på ulike sektorar er sjukefråværet høgast innanfor helse og sosial (6,0%) som også inneber ein auke på 2,9 prosent. Innan store næringar som bygg og anlegg (4,1%), industri (3,6%) og transport og lager (4,5%) er det ein liten nedgang i fråværet.
I nokre av dei minste kommunane i Vestland vil sjukefråværstala kunne svinge mange prosent frå kvartal til kvartal. Ein må difor analysere utviklinga i einskildkommunar med noko varsemd. Det er høgast fråvær i Jondal (5,5%), Samnanger, Høyanger og Bremanger, alle med 5,2 prosent.
I den andre enden finn vi Aurland (2,1%), Granvin og Balestrand (2,7%) og Hornindal (3,1%).
Del graderte sjukemeldingar er uendra siste år med 19,9 prosent.
For kommentar til meldinga, kontakt:
• Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
• Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar i NAV Vestland, mobil 918 35 704