Publisert 22. september 2021|Oppdatert 23. september 2021
Alle NAV-kontora i Bergen er rutinemessig stengde for fysiske møte onsdag. Leiinga ved dei aktuelle NAV-kontora er i gang med å førebu gjenopning innan kort tid.
NAV Årstad vil vere stengd i første omgang ut denne veka av omsyn til politietterforskinga. I løpet av dagen blir det gjort ei vurdering av når dei andre kontora kan opnast for publikum. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare i dag.
– Som ein del av førebuinga til opning blir det gjort ei risikovurdering på det einskilde kontor. Styrka vakthold vil vere eit tiltak som blir vurdert, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
– Vi veit det er krevjande for mange å kome tilbake til kontoret etter ei så dramatisk hending, men samstundes er det viktig å ta tilbake kvardagen. Vi vil sjølvsagt ta omsyn til den enkelte medarbeidar, og korleis dei opplever situasjonen, seier kommunaldirektør i Bergen kommune, Tommy Johansen.
Medarbeidarar ved NAV Årstad får framleis oppfølging.
NAV kontaktsenter Vestland er ope som vanleg på telefon 55 55 33 33.
Vakttelefonane til NAV-kontora i Bergen er opne for brukarar som treng akutt hjelp. Brukarar ved NAV Årstad som treng akutt hjelp kan ringe Bergen kommune på telefon 408 08 908. Det vil kome informasjon om telefonnummer til dei ulike NAV-kontora på Bergen kommune si heimeside og www.nav.no.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96
Pressevakten i direktoratet, tlf 40 00 31 44
Jostein Hestnes, Etat for sosiale tjenester Bergen kommune, tlf 481 85 007