Publisert 21. september 2021
NAV Vestland og Bergen kommune bruker nå først og fremst tida på å gi støtte til kollegaene ved NAV Årstad etter den tragiske hendinga måndag.
– Vi er i ein fase der vi prioriterer å ta vare på dei tilsette. Vi ber om forståing for at det er mange spørsmål vi ikkje kan svare på enno, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes.
Dei tilsette ved NAV Årstad er samla også tysdag. Her får dei hjelp av kriseteam og får tid til å vere saman og bearbeide opplevingane.
– Vi er takksame for at media respekterer situasjonen dei tilsette er oppe i ved å la dei vere i fred, seier kommunaldirektør Tommy Johansen.
NAV-direktør Hans Christian Holte er i Bergen heile tysdag for å vere saman med dei tilsette.
Han og representantar for leiinga i NAV Vestland og Bergen kommune vil stille opp for media etter avtale.
Kontakt kommunikasjonsrådgjevar Birgitte B. Lygre på telefon 90 50 70 96.
Stengde kontor
Alle NAV-kontora i Bergen er rutinemessig stengde for fysiske møte tysdag. NAV Årstad vil vere stengd i første omgang ut denne veka av omsyn til politietterforskinga. I løpet av dagen blir det gjort ei vurdering av når dei andre kontora kan opnast for publikum.
NAV kontaktsenter Vestland er ope som vanleg på telefon 55 55 33 33.
Brukarar i Bergen som treng akutt økonomisk krisehjelp, kan ringe Bergen kommune på telefon 408 08 908.