I mai gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp med om lag 100 personar, samanlikna med april.

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 756 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,4 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.

Mangel på arbeidskraft

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier utviklinga i arbeidsmarknaden er godt nytt for dei som søkjer jobb, men at mangel på arbeidskraft også er ei utfordring som må takast på alvor.

– Vi kan ikkje vente at mangelen på arbeidskraft skal bli dekka av arbeidsinnvandring, og må difor nytte oss betre av ressursane som er tilgjengeleg blant dei som i dag står utanfor arbeidsmarknaden, seier Bogsnes.

Flest menn kom i arbeid

Nedgangen i arbeidsløysa er i all hovudsak blant menn (-688), og innan yrke som tradisjonelt har ei overvekt av mannlege arbeidstakarar.

Sjølv om industriarbeid (-312) og bygg og anlegg (-238) er blant yrkesgruppene med størst nedgang i arbeidsløysa er det òg her det er flest ledige. Innan industriarbeid er det 856 ledige, butikk- og salsarbeid har 831 ledige og bygg og anlegg har 767 ledige. Samstundes aukar utlyste stillingar med heile 78 % innan industriarbeid. Det er færrast ledige innan akademiske yrke (98), innan jordbruk, skogbruk og fiske (126) og blant leiarar (157).

Størst nedgang på Stord

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Stord (-84 personar), i Os (-60 personar) og på Askøy (-57 personar). I Bergen kommune er det no 3766 ledige, som er 260 færre enn i fjor.

I mai er det høgast arbeidsløyse i Selje, (4,7 %), Austrheim og Modalen (begge 3,3 %), medan Hornindal, Vik, Balestrand, og Gaular (mindre enn 1 prosent) har færrast ledige i dei to fylka.

Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,1 prosent i mai.

 
 

Mai 2019

Endring frå mai 2018

Heilt ledige

6978

-702

I prosent av arbeidsstyrken

2,1 %

-9 %

Langtids arbeidssøkarar

3558

-16 %

Ledig ungdom under 25 år

999

1,5 %

Tilgang på ledige stillingar

4485

3 %

 * I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerar seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.

 

For kommentar til meldinga, kontakt:

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059