Publisert 30. oktober 2020
Talet på heilt ledige i Vestland er redusert med over 700 personar frå september til oktober. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,4 prosent.
Den gradvise nedgangen i arbeidssøkjarar som står utan jobb, held fram, men ikkje like raskt som i sommar. Dette viser tal frå NAV for oktober.
– Det er gledeleg at stadig fleire av dei som vart ledige i vår, no kjem tilbake i arbeid. Diverre ser vi at talet på langtidsledige framleis er høgt, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Varsla endringar vil verke på ulike bransjar
NAV Vestland har registrert 6.870 arbeidssøkarar som har vore ledige i meir enn eit halvt år. Dette er ein nedgang på 0,4 prosent frå september.
– Vi er spente på korleis dei varsla reverseringane av ulike støtteordningar vil verke på ulike bransjar. Dette vil påverke situasjonen framover for permitterte arbeidstakarar; om og når dei kjem tilbake til jobben dei er permitterte frå, seier Bogsnes.
Det er flest ledige innan reiseliv og transport (1.733), serviceyrke (1.285) og butikk- og salsarbeid (1.212), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (143), akademiske yrke (161) og undervisning (271).
Aurland og Øygarden med flest ledige
Samanlikna med i fjor finn vi størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+329 personar), Askøy (+304) og Alver (+187 personar). I Bergen kommune er det no 6.490 ledige, ein auke på 2.934 sidan oktober 2019.
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (5,8 %), Øygarden (4,3 %), Bergen og Eidfjord (begge 4,2 %), medan Gulen, Gloppen (begge 1,2 %), Fjaler og Solund (begge under 1 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.
Snittet for heile fylket ligg på 3,4 prosent, som er lågare enn landsgjennomsnittet.
Sjå visualisering av tala her.
Nøkkeltal for NAV Vestland (kun heilt ledige)
| Oktober 2020 | Endring frå september 2020 |
Heilt ledige | 11.477 | - 712 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,4% | - 6 % |
Langtids arbeidssøkarar | 6.870 | - 0,4 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1.586 | - 11% |
Tilgang på ledige stillingar | 3.336 | - 10 % (jamført oktober 2019) |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096