Publisert 12. mai 2020
Talet på heilt ledige personar i Vestland er redusert med 3361 siste den siste veka frå 28271 til 24910. Samstundes er det ein auke i delvis ledige på 1472 personar denne veka.
Talet på heilt ledige i Vestland fylke utgjer no 7,4 prosent frå 8,4 prosent for ei veke sidan.
– Dette er ei venta utvikling som vi også ser på landsnivå. Samstundes kjem det nye arbeidssøkjarar inn i statistikken med om lag 800 denne veka. Dette er over dobbelt så mange som vanleg før krisa. Dette syner godt kor som rørsle det er på arbeidsmarknaden no, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
– Likevel er det gode nyheiter at marknaden no betrar seg for alle som er utan arbeid. Vi ventar at denne utviklinga vil halde fram i vekene som kjem, legg Bogsnes til.
56 prosent av dei som er registrert som heilt utan arbeid er fulltidspermittert, og heile 79 prosent av dei som er registrert som delvis ledige. Det er venta at svært mange av dei som no er utan arbeid i fylket vonleg snart kan starte opp i att i jobben dei hadde før krisa.
Talet på heilt ledige fell innan alle yrkesgrupper og mest innan ulike serviceyrke (-689), butikk- og salsarbeid (-569) og reiseliv og transport (-500). Dette er også dei bransjane som er hardast råka.
– Sjølv om dei under 30 år også blir færre i statistikken er desse framleis hardast råka av krisa på arbeidsmarknaden. 7883 under 30 år er heilt ledige, og dette utgjer 32 prosent av alle ledige, seier Bogsnes.
Arbeidsløysa i heile Norge samla er no på 7,8 prosent.
Klikk her for visualisering av tala.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96