Publisert 19. mai 2020|Oppdatert 19. mai 2020
Talet på heilt ledige personar i Vestland er redusert med 2 277 den siste veka, frå 24 910 til 22 633. I prosent utgjer dette ein fin nedgang på 9,1 prosent frå 7,4 prosent til 6,7 prosent heilt utan arbeid.
– Utviklinga er litt svakare enn førre veke, men likevel om lag som venta, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Som førre veke aukar framleis talet på delvis ledige, men klart svakare denne veka frå 18 529 til 18 796 som utgjer 267 fleire. Dette betyr at mange av dei som går attende til jobb går rett inn i full stilling.
Talet på heilt ledige fell innan alle yrkesgrupper og mest innan og reiseliv og transport (-467), butikk- og salsarbeid (-375) og ulike serviceyrke (-350).
– Det er langt igjen til vi er i ein normalsituasjon att, men kjekt å sjå at dei hardast råka bransjane har så sterk reduksjon i tal ledige, seier Bogsnes.
Alle aldersgrupper får del i nedgangen også denne veka. I aldersgruppa 20-24 år er det 412 færre ledige og i aldersgruppa 25-29 år er det 352 færre ledige, til saman -764.
– Dei unge får såleis gledeleg stor del av reduksjonen, seier Bogsnes.
På landsnivå er arbeidsløysa no 7,5 prosent. Lågast i Nordland med 5,4 prosent og høgast i Oslo med 9,7 prosent.
Her finn du visualisering av tala.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90521059
Frode Henden, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 91835704
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90507096