Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: April 2016 - april 2018

graf april 18

 

Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.

 

Ved utgangen av april var 7 370 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2017 er dette ein nedgang på 32 prosent. 2 343 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i april. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 9 713 personar, tilsvarande 3,8 prosent av arbeidsstyrka. Dette er den lågaste registrerte bruttoarbeidsløysa i Rogaland sidan juli 2015.

Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa

Det er store skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sandnes med 4,4 prosent. I Eigersund og Stavanger er det høvesvis 4,3 og 4,2 prosent brutto arbeidsløyse, medan det er 3,7 og 3,5 prosent i høvesvis Haugesund og Karmøy.  Lågast bruttoarbeidsløyse er det i Bjerkreim med 1,6 prosent og Suldal med 2,1 prosent. 

Færre arbeidslause i alle yrkesgrupper

Jamført med april 2017 har nedgangen i arbeidsløyse vore størst, både i tal og prosentdel, innan Ingeniør- og ikt-fag (- 51 prosent), Industriarbeid (- 45 prosent) og Bygg og anlegg (- 38 prosent). I stor grad er desse yrkene mannsdominerte og vi kan sjå at dette gjev utslag i form av ein større reduksjon i arbeidsløysa for menn det siste året.

3 521 utlyste stillingar i april

Det vart utlyst 3 521 ledige stillingar*** i Rogaland i april og dette er ein auke på 82 prosent samanlikna med same månad i fjor. 2 805 av stillingane var utlyst i Stavangerregionen.

– Sjølv om våre metodar for stillingsinnhenting er endra og ein difor ikkje direkte kan tolka dette som ein auke i behovet for arbeidskraft, er det likevel svært godt nytt for arbeidssøkjarane at det er mange stillingar å søkje på samstundes som at stadig færre konkurrerer om dei ledige jobbane, seier Truls Nordahl.

Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i april var bygg- og anlegg (717), helse, pleie og omsorg (489), ingeniør- og ikt-fag (481), og undervisning (358).

 

Arbeidsmarknaden i Rogaland: April 2018 samanlikna med april 2017

 

Nøkkeltal

April 2017

April 2018

Heilt utan arbeid   16 – 67 år

10 865 (4,2%)

7 370 (2,9 %)

Arbeidsretta   tiltak

  2 714 (1,0%)

2 343 (0,9 %)

Bruttoarbeidsløyse**

13 579 (5,2%

9 713 (3,8 %)

Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år

   2 754

1 857

Langtids-arbeidssøkjarar

(26 veker eller meir)

    6349

4 044

Delvis ledige

   4 214 (1,6 %)

3 140 (1,2 %)

Utlyste stillingar

   1 496

3 521