Uhell der køyretøy er innblanda
I bland ser vi dessverre døme på uhell med hjelpemiddel og køyretøy, der hjelpemiddelbrukarar ikkje får den hjelpa dei skulle hatt. Utan opplysingar om involverte køyretøy, kan det hende at du som brukar må dekkje kostnadene sjølv.
Ein person i elektrisk rullestol vert rekna som fotgjengar i trafikken. Dermed er det lett å gløyme at uhell bør meldast til forsikringsselskap og politi.
Her er våre råd til deg som opplever uhell eller ulykke med hjelpemiddelet ditt, der køyretøy er innblanda:
- Kontakt politiet ved uhell med personskade eller store materielle skadar.
- I samråd med politiet, vurder politimelding dersom det har vore brot på trafikkreglane, til dømes påkøyrsel i gangfelt.
- Fyll ut skademelding og lever til eige forsikringsselskap.
- Ikkje gå i dialog med motparten om kven som er skyld i uhellet. Denne vurderinga gjer forsikringsselskapet når dei får saka.
- Be pårørande eller andre du har tillit til om hjelp til å melde frå, dersom du treng det.
- Opplys om saksnummeret for forsikringssaka til den kommunale terapeuten, og be terapeuten leggje saksnummeret inn i rapporten frå uhellet, saman med kontaktinformasjon til forsikringsselskapet.
Brukaren skal levere inn hjelpemiddelet til sjekk. Kontakt kommunen som sender hjelpemiddelet til NAV Hjelpemiddelsentral.
NAV erstattar hjelpemiddel som er øydelagde, men dekkjer ikkje skadar på køyretøyet til motparten.
Dersom eit hjelpemiddel er skuld i skade på eit køyretøy, går dette på innbu-forsikring. Dersom motparten har skuld i skadar på eit hjelpemiddel som er utlånt frå NAV, vert erstatning kravd inn frå forsikringsselskapet.